Om oss

Allmenningen SA er eit lite samvirke med base i Bergen. Vi driv ulike prosjekt som gjev oss glede, vekst og levebrød. Vi er opptekne av fellesskap og samhald, livskvalitet og meistring. Etter kvart kjem meir utfyllande informasjon.

vildIngvild Skodvin Prestegård er Dru yogainstruktør, holistisk terapeut, sosialantropolog og sosial entrepeneur. Ho spesialiserar seg på meistringstematikk, kronisk sjukdom, legingsprosessar og spiritualitet. Ingvild har erfaring med mellom anna rygg og nakkeproblem, slappheit og trøttheit, muskel- og skjelettproblematikk, ulike kroniske tilstander, psykiske plagar, forskjellige aspekt ved overgangsalder og lymfesystem, sjølvtillitsutvikling og kapasitetsbygging, meistring og livskvalitet. Til dagleg underviser ho i Dru yoga i Bergen, held kurs og tek imot privattimar og bedriftsoppdrag.

Ingvild har master i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen og holistiske kvalifikasjonar frå Storbritannia innan aromaterapi, Reiki, Dru yoga og Dru svangerskapsyoga/postnatal yoga. Nyleg har ho også ein kvalifikasjon i Thaimassasje. Ho bloggar jamnleg for det amerikanske nettsamfunnet Cycle Harmony, og har publisert to bøker om meditasjon.