For å kunne kommunisere effektivt er det viktig å ha gode og tydelege omgrep og eit klårt fagspråk. Denne sida er under utvikling, og eg tek imot innspel og forslag til omgrep som kan vere med å gjere yogakvardagen og yogafaget rikare.
Korleis vi tenkjer om det vi gjer i yogatimane

I yoga arbeider vi frå innsida og ut. Dette tyder at ting tek tid, og at vi kanskje ikkje ser dei store resultata med det same. Verdiane som ligg til grunn for dette arbeidet er mellom anna tolmod, kjærleik og varsame, mjuke rørsler. Litt og ofte. Vi tenkjer tanken først, ser for oss korleis rørsla vil kjennest i kroppen og så gjer vi rørsla. Sakte, slik at vi kan fange opp kommunikasjonen mellom kroppen og hovudet og kjenne skikkeleg godt etter. Vi bruker gjerne litt tid til å tenkje gjennom kva vi har gjort, før vi går gjennom prosessen ein gong til. Vi bygger opp tillit mellom kroppen og hovudet, lærer å slappe av og stole på muskelminnet. Sakte og gradvis vert kroppen sterkare og tryggare. Ver god med deg sjølv.

A

Asana – stilling, posisjon, rørsle

Alle dei kjende yogaposisjonane ender med -asana: Tadasana, Vrksasana og så bortetter. Kvar asana har ein funksjon og noko vi kan utforske, trene på og lære. Kvar asana kan tilpassas slik at alle kan gjere dei. Ein treng berre spørje seg sjølv kva den spesifikke asana handlar om, og så kan ein tilpasse rørsla til dagsformen. Kvar asana kjem frå noko og går vidare til noko anna, og når ein kjenner på dette kan ein sette saman mange ulike asanas til sekvensar. I Dru yoga handler asana som oftast om ein mjuk flyt, om å samkøyre pust og rørsle på mjukt og varsamt vis, heller enn ein statisk posisjon. Ein kan også utøve asana sjølv om ein ikkje kan røre seg: då ser ein for seg at ein gjer rørsla medan dei andre deltakarane gjer rørsla fysisk. Ein puster framleis som om ein utøver asana fysisk. Merksemda er gjerne på den visualiserte flyten av krefter i kroppen som muskelstyrke, balanse og koordinasjon.

B

C

Chakra

Chakra tyder hjul, og er ein av mange inntak til å forstå mennesket på. Chakra er eit forsøk på å systematisere mennesket, og menneskelege prosessar, i ein kosmisk samanheng. Det handler om integrering av energi i den fysiske menneskekroppen, integrering av energi mellom den fysiske og andelege delen av mennesket. Dei første kjeldene kjem fra 1000-1100 talet. Desse kjeldene brukar eit svært poetisk og biletleg språk. I seinare tid har forståingene av chakra utvikla seg i ulike retningar, gjerne med svært konkrete og faste tolkingar. Når eg underviser om chakra, hentar eg informasjon både frå gamle og nye kjeldar, og brukar C.G. Jung sine teoriar om individuasjon som rammeverk. Det er så opp til kvar einskild deltakar å finne ein forståing av chakra som er relevant for dei, om dei ynskjer det.

D

Deiligheitsrom

Rart ord, ikkje sant? Ordet har eg laga med tanke på alle deltakarane mine som har opplevd mykje smerte. Vi vert ofte oppmoda til å presse oss, og fordi grenser er vanskelege å kjenne att før vi har kryssa dei, går vi for langt. Ta i, liksom. Nokre repetisjonar til, det greier du. Men etterpå kjenner du at det var for mykje. Så med dette ordet endrar eg narrativet.

Vi flytter merksemda til den vesle kjerna av noko som kjennest godt. Langt inne, trygt og mjukt. Milevis frå grenser, målingar og krav. Langt innanfor komfortsona. Vi kjenner på det som er godt, og på det som er trygt. Gradvis vert kroppen tryggare, sakte kan vi vekse og verte sterkare. Kjenne på meistring. Få betre livskvalitet. Og slik flytter grensene seg sakte og nesten umerkeleg.

I deiligheitsrommet er alle rørslene deilige. Dei kjennest gode medan vi gjer dei, og etterpå. Dette set tydelege grenser for korleis vi rører oss i yogatimane. Det at rørslene kjennest deilige og ikkje berre komfortable vert så ein motivasjon i seg sjølv. Dersom noko ikkje er godt, så har du gjort det feil, eller teke rørsla for langt. Så du henter det inn att til deilegheitsrommet, der musklar og ledd kan kvile samstundes som dei brukast. Deilegheitsrommet er ein slag harmonisk oase, det er her du må halde deg for å kunne kjenne deg salig. Det er dei minste rørslene som er dei største.

Dharma – orden i kaos

Dharma er eit omgrep som vert mykje brukt i yogisk filosofi. Det har mange tydinger, med anna plikt, kall og orden, og er botna i den hinduistiske tanken at gjerningane til kvar einskild opprettheld universet. Det best kjende eksempelet er kanskje Arjuna, krigaren frå Bhagavad Gita. Hans dharma var å være den beste bueskyttaren i verda, og gjere så godt han kunne. Det vil seie at Arjuna hadde eit personleg kall, ei oppgåve som berre han kunne gjere. Han var utvalgt, og det at han utførte plikten sin, var heilt naudsynt for at det som skulle skje, fekk skje. Likesom Frodo i Ringenes Herre, som var den einaste som kunne bære den farlege ringen gjennom landa til fjellet. I heltemyter ser vi denne tolkinga av dharma svært tydeleg: helten må ofre seg, gjerne gjere noko som byr han imot, for å redde verda.

I moderne yogatradisjon vert ofte dharma omsett med integritet og samfunnsplikt, med evner og anlegg. Eg las nyleg Malcolm Gladwell si bok Outliers, og har reflektert over prosessen han syner skulle til før gjennombrotet eller hederen kom til kjende namn som Bill Gates og the Beatles. Alle timane med øving og trening som skulle til for å bygge opp kunnskap og erfaring, før det nærma seg ekspertnivå. Alle mogelegheitane som skulle til, og alle sjansane som måtte gripast før dei store vart, vel, store. Kanskje dette er ein form for dharma også.

Kva er det du gjer best? Av alle dei tinga du gjer, av alle dei tinga du kan? Er det noko som berre du kan gjere? Ser du noko som all di livserfaring har førebudd deg til? Som ingen andre kan gjere like godt som du? Korleis gjer du verda til ein betre stad? Kanskje det er din dharma. Kanskje kan desse tankane om eit konsept frå andre sida av jorda, hjelpe deg til å ta djerve valg som fører deg nærmare fridom og lukke. Kanskje det berre er eit interessant tankeeksperiment. Kven veit? Sjølv tykkjer eg omgrepet er interessant, problematisk og utfordrande. Vi kan gjerne prate meir etter ein yogatime ein dag.

Dru, som i Dru yoga

 

Dru er namnet på Nordstjerna på sanskrit. Nordstjerna står stille på himmelen medan dei andre stjernene flyttar seg på nattehimmelen. Dru yoga tyder altså metoden for den indre roa.

E

Effektiv kvile

Alle veit at vi treng kvile, men mange av oss gjer på for mykje når vi kviler. Då vert kvilen mindre effektiv, og oppbygginga eller leginga tek lengre tid. Effektiv kvile tyder at det er berre kvile ein gjer på. Ingen avis, bok eller skjerm. Ingen samtale eller konsentrasjon om noko som helst. Bruk gjerne roleg musikk om det kjennest godt. Effektiv kvile er ofte noko vi må øve på, og verknaden vert sterkare etter kvart. Effektiv kvile treng ikkje ta long tid, ofte er det nok med eit par minutt.

F

Fascier

Fascier er ein av fleire typer bindevev i kroppen. Når eg underviser om fascier brukar eg Tom Myers si tilnærming til fascier som eit heikroppsleg system. Dette tyder at heller enn å tenkje på den tynne hinna som omgjev kvar muskel eller kvart organ som noko separat frå resten av kroppen, tenkjer eg på korleis dei heng saman, og korleis desse fascielinjene gjev rørsle, flyt og restriksjon i kroppen. Denne heilskaplege tilnærminga kjenner vi på kroppen i yogatimane, og undervisinga om fascier er viktig for å få ein djupare forståing i både kropp og sinn av korleis kroppen styrkast og trivst. Fascielære er ein viktig del av myndiggjeringsprosessen for deltakarar med kroniske tilstandar, og er veldig spanande!

G

H

I

Indre ro (still point), Ro i rørsle (stillness in motion)

Still point er eit omgrep eg kjenner frå massasje. Her gjer massasjeterapeuten eit grep som utløyser ein avspenningsrespons i kroppen. Dette kjennest ofte som ei djup indre ro. Det seiast at kvar yogarørsle har ein stad der du kan kjenne indre ro. Du må gjerne bruke tid på å forstå korleis du skal gjere rørsla på eit vis som er godt for kroppen din først. Det er mykje som må tenkjast på, mykje som skal koordinerast og gjerast samstundes. Dette skal formidlast mellom kroppen og hovudet, slik at du kan ta dei ekstra omsyna og justeringane som du treng. Somme tider kjem den indre roen når du er stille, som til dømes i avspenninga. Andre gonger kjem den indre roen når du gjer rørsler eller sekvensar. Då får du ei ro i rørsla, som kan kjennast salig, myndiggjerande og stadfestande.

Ro i rørsle er noko av det som kjenneteiknar Dru yoga. Det er her du ser påverknaden av både tai chi og qi gong, og kvar rørsle vert ein vakker meditasjon.

J

Justering (alignment)

Dette er eit viktig omgrep. I den gamle blå ordboka mi står alignment omsett med oppstilling, innretting hjulstilling, sporing. I yogasamanheng handlar alignment om noko organisk, noko harmonisk, der kroppen finn nye samanhengar og musklar & ledd samarbeidar. Kvar einaste posisjon vil innebære alignment. Det næraste eg har kome til å finne ei god omsetjing er ‘justering’, men dette vert kanskje litt passivt. Alignment handlar også om dynamiske endringsprosessar, om kroppsmerksemd, og om å vere førebudd på å tilpasse seg. 

Når eg underviser vil eg demonstrere øvinga eller rørsla, og så gjev eg verbale instruksjonar. Eg går ikkje kring i rommet og justerer deltakarane fysisk. Du kan lese meir om dette her.

K

Kjærleik (compassion)

Eit vanskeleg omgrep å omsetje. Ordboka seier at compassion kan omsetjast med medliding, men det kan pity også, og dei er to veldig ulike ting. Somme tider vert compassion omsett med medkjensle, men det er for passivt i yogasamanheng. Compassion er godleik, forståing, nestekjærleik og empati. Det er også ei aktiv kjensle, som driv ein til å ville gjere noko for andre. Å vere compassionate er å vere godhjarta, og å gjere kva du kan for å rette opp i urett. Eg omset compassion med kjærleik, fordi det er kjerna i omgrepet. I yogasamanheng tyder compassion at vi lyttar, at vi anerkjenner, og så til sist handlar. Denne handlingsrekka er botna i kjærleik – både til oss sjølve og til andre.

Kommunikasjon mellom kropp og hovud (body-mind communication)

Utan å verte for teknisk, så handlar dette om signaler som vert sent gjennom nervane mellom kropp og hovud. Vi tek oss tid til å kjenne på dette, og på kva det gjer med oss. I første omgang så er det nok auka kroppskontroll vi kjenner. Seinare vert det endra tankemønstre eller påverknaden av nye tankar vi kan kjenne. Dette er mellom anna relatert til polyvagal teori – sjå Dr. Stephen Porges for meir informasjon. Eg har tilpassa teorien hans til yogatimane og underviser ofte i dette. Når vi sakkar ned og bruker tid på  forstå kva som skjer i kroppen og på korleis hovudet freister  tolke dette, så får vi ei heilt ny oppleving av korleis vi lærer og veks som menneske.

Kosha

Kosha tyder ‘lag’ eller ‘slire’, og vert gjerne forstått som lag av menneskeleg tilvære som dekker kjerna i oss, eller sjela. Læra om kosha har utspring i vedisk filosofi, og heng saman med tankar kring å arbeide seg nærare det gudommelege. Mykje tidleg vedisk filosofi har ein negativt forståing av mennesket og verda, og koshalæra går ut på at vi lever i ulike gradar av ‘bedrag’ (maya) som gjer at vi ikje forstår kva livet eigentleg handlar om. Ein kan kanskje trekke parallellar til Platon og hulebiletet hans. Det er fem kosha: Annamaya kosha (det fysiske laget), pranamaya kosha (det energetiske laget), manomaya kosha (kjenslelaget), vijnanamaya kosha (tankelaget) og  anandamaya kosha (lukkelaget). Gjennom indre arbeid og forsaking av det materielle skulle yogien bryte gjennom alle desse falske tilstandene og finne eit ekte tilvære av saligheit. Når eg underviser om kosha brukar eg det som ei pedagogisk tilnærming til å flytte merksemda gradvis innover i kroppen, slik at vi får tid til å verte kjende med og kjenne på ulike deler av oss sjølve. Ingen forsaking naudsynt her.

L

Legingsprosess

Ingenting i livet er statisk, og det kjenner vi verkeleg når det kjem til leging. Om det er fysisk eller emosjonelt, mentalt eller spirituelt, så er leging prosessar som er djupe, tidkrevende og endrande. Yoga er ein ypperleg reiskap til å gje struktur og støtte til legingsprosessar. Vi har tid til å kjenne etter, til å verte merksame på ting og til å sette ord på dei. Å utvikle eit vokabular for det som skjer inne i oss kan vere myndiggjerande, så vel som inkluderande for dei som er ikring oss. Eg legg alltid vekt på å gå varsamt fram, til å bruke god tid og ha ei mjuk innstilling. Vi gjer ofte for mykje, trener for hardt eller gjer for mange repetisjonar når vi heller kunne bruke meir tid på effektiv kvile. Ein viktig del av leginsprosessar er å få auka merksemd i kroppen, slik at vi kan sette betre grenser for oss sjølve. Legingsprosessar handler såleis om indre kommunikasjon, om å akseptere grensene våre heller enn å freiste sprenge dei. Når kroppen er trygg og får nok tid på seg, vil grensene utvide seg litt etter litt. Det som skal til er kjærleik og tolmod.

Lymfe

Lymfe er ei kroppsvæske vi rutinemessig legg merksemd på i yogatimane. Lymfe er ei blank væske som liknar på plasma, som flyt gjennom organ og vev i kroppen. Lymfa leverer næring til celler og tek med seg avfallstoff, og arbeider seg så til lymfeårer der ho vert ført til lymfekjertlar eller lymfeknuter for reinsing. Det er i desse kjertlene eller knutene at mykje av immunforsvaret vårt sit. Den reinsa lymfa vert så ført attende til blodomlaupet, og avfallstoffa utskilde frå kroppen. Lymfesystemet og blodomlaupet samarbeidar og utfyller einannan. Kvinner har meir lymfe i kroppen enn menn, og etter kvart er det starta mykje medisinsk forsking på lymfe. Det er mange tilnærmingar til korleis ein best støtter opp under lymfesystemet. I yogatimane har vi merksemd på mjukheit, på rørsler og pust, og på samanhengar mellom lymfe- og fasciesystema.

M

Meditasjon

Det er mange ulike definisjonar på meditasjon. Her er den eg brukar: To consider thoughtfully. To engage in contemplation, especially religious. To consider deeply. To reflect upon. To revolve in the mind. Definisjonen er henta frå Chambers 20th Century Dictionary.

Denne forståinga av meditasjon er godt botna i den norske kulturarven vår. Det er dette vi gjer når vi ser på lyset, på skumringa eller på skyene. Det er også denne forståinga av meditasjon eg brukar i Moon Journal-bøkene, du kan lese meir om dei her.

Merksemd på kropp (body awareness)

Merksemd på kroppen er eit av dei store tema vi arbeider med i yogatimane. Det tek tid å verte kjend med kroppen på yogamatta. Vi brukar tid på kommunikasjon mellom kropp og hovud (sjå eiga oppføring), og legg merke til kva som kjennest godt og trygt. Enkelte rørsler eller teknikkar vil gje kroppen ro, enkelte vil gje auka energi. Merksemd på kroppen innebær at vi kjenner på kva kroppen treng og korleis kroppen reagerer. Kva tykkjer ledda om denne rørsla? Korleis kjennest balansen ut i dag? Korleis merker vi aukande styrke over tid? Merksemd på kropp er ein viktig reiskap i prosessar kring grensesetting, som vi også arbeider mykje med. Etter kvart vert ordforrådet kring merksemd på kropp og grensesetting også betre utvikla, og dette tykkjer eg er spanande prosessar.

Mjuk

Mjuke ledd, mjuk pust, mjuke rørsler – lista av mjuke ting i yoga er long. Mjuk tyder i denne samanhengen at det ikkje er tvunge, pressa eller anstrengt. Det er eit samspel med heile kroppen, det er varsamt og merksamt. Mjuke ledd tyder at ledda er avslappa og klare til rørsle. Vekta er bore av musklane kring leddet, slik at vi står aktivt heller enn å legge kroppsvekta på ledda. Dette fører til auka balanse og at vi kan bruke den styrken vi har. Mjuk pust tyder at pusten er roleg og flyt inn og ut av kroppen. Pustemusklane slappar av, og det er ikkje så viktig om pusten går så djupt eller ikkje. Slikt går seg til med tida, med øving, styrking av musklar, auka forståing av kroppen og reaksjonane våre. Mjuk pust tyder også at vi aksepterer oss sjølve slik vi er nett no. Mjuke rørsler tyder at rørslene er harmoniske, vi har eit godt samspel mellom musklar og ledd i kroppen – og ikkje minst mellom hovud og kropp. Mjuke rørsler tyder på meistring og tryggleik, og alle dei gode tinga vi arbeider med i yogatimane. Det er noko vi øver på heile tida, som vert betre og betre. Det mjuke gjer det mogeleg å lære om oss sjølve, å vekse og utvikle oss. Det mjuke er også sterkt. Omgrepet mjuk heng tett saman med omgrepet trygg.

Myndiggjering (empowerment)

Eit omgrep som seier noko om å vekse i kraft og å finne si eiga røyst. Det er fundamentalt for prosessane vi går gjennom i yoga, der vi vert kjende med oss sjølve på nye vis og set grenser som støtter eiga vekst og utvikling.

N

Namaste

Dette er den klassiske helsinga med handflatene ført saman framfor hjartet. Ordet tyder «eg helsar deg» og vert ofte brukt saman med rørsla til å markere starten eller slutten på ein asana, sekvens eller yogatime. Rørsla er kjend frå bøn i fleire religionar, og som ei vanleg helsing i austen. Der markerer gjerne helsinga også rang og respekt: jo høgare status på den du helser, jo høgare løfter du hendene.

O

R

Rørslerom (Comfortable range of movement)

Rørslerom er fascinerande: det er altså det rommet som er komfortabelt å røre seg innanfor. Vi kan måle det på muskelstyrke, leddmobilitet og kroppskontroll. Dette rommet er i endring over tid. Det er noko deltakarar legg merke til – når vi kjem attende til ein sekvens vi har jobba med før og kjenner kor mykje som har endra seg sidan sist. Rørslerommet er ikkje dei ytre grensene, det er det komfortable rommet godt innanfor grensene. Vi arbeider med det sakte, mjukt og varsamt, og let kroppen ta den tida han treng til å  kommunisere, forstå og styrkast. Når kroppen kjenner seg trygg, vil rørslerommet utvide seg litt med tida. Ingenting skal tvingast eller pressast, til og med utfordringane skal vere godt innanfor rørslerommet. Utfordringane hjå oss ligg ikkje i å strekke oss lengre eller gjere fleire repetisjonar – dei ligg heller i auka merksemd og saktare rørsler. Då har vi tid til å kjenne etter nye ting og tankar, og så bearbeide desse.

P

Pilegrimsferd

Å gå mot eit mål, å sakte arbeide seg gjennom tid og rom, samstundes som ein let seg endrast av det ein opplev, er pilegrimsferd. Vi kjenner omgrepet frå religiøse praksisar over heile verda, men i stadig aukande grad vert omgrepet også brukt i ein sekulær kontekst. Vi brukar omgrepet i yogapraksisen vår her i Bergen, og hentar inn det religiøse språket for å kunne tenke på, og forstå, dei prosessane som finn stad gjennom yoga. Det religiøse språket er det einaste vi har for å kunne snakke om denne sakte endringa vi opplev. Så vi låner ord og metaforer, og språket gjev form til opplevingane.

I yogatimene jobbar vi med rørsler der vi varsamt utfordrar kroppen. Vi strekk oss, styrker musklar og koordinerer kroppen på vis som ofte kan være litt framand. Vi pustar djupt og brukar alt vi har i oppgåva vi er i, der og då. Så legg vi til tanker, visualiserer og fyller sinnet med gode ord til oss sjølve. Og vi kviler djupt og trygt, let prosessane utfolde seg. Vi let endring finne stad. Dette gjer noko med oss – det er som å gå ein uvant veg, og så å kome til eit utkikspunkt. Vi kviler der, ser utover og kjenner fred i hjartet. Så gjer vi oss klare til å gå vidare. Vi ser ikkje kor langt vi skal gå, vi kan berre sjå kor langt vi har kome. Og reisa, den gjer noko med oss, der vi går på pilegrimsferd.

Polyvagal teori

Polyvagal teori er ei tilnærming til nervesystemet sine reaksjonar som er utarbeidd av Dr. Stephen Porges. Teorien endrar korleis vi forstår kroppen sine responsar til press (freeze eller fight/flight). Hjå Allmenningen yoga vert denne tilnærminga særleg relevant med tanke på deltakarar med kroniske tilstandar. Eg har tilpassa denne teorien til timane våre og deltakarane, og merksemda er på myndiggjerande teknikkar som kan vere med på å endre gamle reaksjonsmønstre. Polyvagal teori er noko av det mest spanande eg har jobba med på lenge!

S

Salig (bliss)

Bliss er eit omgrep som er mykje brukt i yogasamanheng. Bliss er den engelske omsetninga av ananda. Ordet har også samanheng med filosofi og tankar kring både frelse og sameining med det guddommelige. Eg snakkar om dette når eg underviser om kosha, som eg gjerne brukar som døme på læring i lag over tid. Eg omset ananda/bliss med salig, og brukar det mest om den kroppslege opplevinga av yoga. Med dette meiner eg kjensla ein får i kroppen når ein kombinerer pust og rørsle, kjensla som fyller kroppen etter pusteøvingar eller i avspenninga.

Smilande hjarte

Somme tider vil kombinasjonen av pust og rørsle kjennast så godt at hjartet smiler. Sjølvsagt eit bilete på ei kjensle, men det er ei særs god skildring. Vi kan kjenne hjartet smile når vi meistrer øvingane. Det treng ikkje vere kompliserte øvingar for å oppleve dette: ei roleg pusteøving eller berre å stå i den enkle utgangsposisjonen kan kalle fram denne kjensla. Heilt nydeleg.

Spenning (tension)

Spenningar i kroppen er heilt naturlege svar på daglege utfordringar. Musklar og ledd held gjerne på spenningar frå ting vi har opplevd. Stress frå jobben samlar seg kanskje i skuldrene og hoftene vert kanskje litt stive etter nesten-fallet i vinter. Som oftast er dette ei oppsamling av småplukk frå dagleglivet, men somme tider vil deltakarar vere merksame på større påkjenningar som skapar spenningar i kroppen, som til dømes sjukdom eller kroniske tilstandar. Mykje av det vi gjer på i yogtimane er å overtyde kroppen om at han er trygg, slik at spenningane lausnar og fell bort. Vi går mjukt og vart til verks. Når vi handsamer kroppen som om han var ein overtrøytt eller redd liten 3-åring, og brukar tid på å lytte, tid til å kjenne etter kva vi treng, så slepp spenningane lettare. Over tid, etter kvart som vi vert betre kjende med rørsler og øvingar, responderer kroppen gjerne raskare, og slepp djupare og meir. Kroppen slepp ikkje meir om gongen enn du er klar for – så du held deg sjølv trygg heile tida – og det er du som styrer prosessane dine. Ingenting skal tvingast, det skal vere trygt og mjukt og deilig.

Stå høgreist (stand in your power)

Omgrepet på engelsk tyder at du vert merksam på krafta di, og styrer eller bruker henne med vilje. På norsk vert mykje av dette famna i å stå høgreist: stolt og sterk, trygg på deg sjølv og roleg. Når du står på dette viset er du godt botna,  du veit kven du er. Når vi finn utgangsposisjonen vår og justerer oss på plass så er det dette vi kjem til.

T

Trygg

Det er grunnleggende at alt skal kjennest trygt i yogatimane. Dette gjeld både rørslene, stemninga og fellesskapet mellom deltakarane. Det tyder at alle er hjarteleg velkomne på yoga, og at alle deltakarar har eit ansvar for å vere inkluderande og støttande mot dei andre deltakarane. Det er kvar einskild deltaker som set sine eigne grenser. Eg vil aldri fysisk manipulere ein deltaker inn i ein posisjon – eg støttar heller med verbal instruksjon. Du kan lese meir om det her. Oppgåva til deltakarane er å kjenne etter, auke kontakta og merksemda med kroppen, og sette grenser for seg sjølv. Målet er aldri å strekke seg langt, målet er ein nydeleg prosess. Når kroppen kjenner seg trygg så slapper han av. Musklar og ledd vert meir samarbeidsvillige når dei forstår at dei ikkje vert pressa her. Når kroppen er trygg kan han røre seg betre, og ikkje minst, legast betre. På engelsk snakkar ein mykje om trauma sensitive yoga – det tyder at dersom ein har vore gjennom traumatiske opplevingar, så vil ikkje det vere noko i yogatimane som trigger negative reaksjonar. Dru yoga er i aller høgste grad traumesensitiv yoga. Dette er ein trygg stad å vere.

U

V

Y

Yoga

Omgrepet yoga har mange tydinger, men eg brukar den videste forståinga: Metode for personleg vekst og utvikling. Denne metoden involverer ei sameining av kropp, pust, sinn og sjel. Mykje av denne sameininga går ut på å forbetre kommunikasjonen mellom kropp og hovud. I mine timar er det ingen tvang eller askese: her handlar det om å ta seg tid, om å verte trygg og la endringar falde seg ut når ein er klar for det.