Allmenningen yoga presenterer Dru yoga

Dru Yoga er ein mjuk og meditativ form for yoga som høver for alle. Vi jobbar mykje med pusten, kjernemuskulaturen og ryggen i timane, og får ein djup avkobling og kvile. Forsking på Dru Yoga syner at det verkar veldig bra for stressreduksjon og ryggplager, og kan hjelpe med å auke livskvaliteten generelt.

 

Du er garantert ikkje for stiv, eller for utrent til å være med. Vi tilrår at du kjem på eit introduksjonskurs først (til dømes Fokus på Rygg, eller Osteoyoga), for å lære dei viktigaste teknikkane. Etter kvart lærer du å halde kroppen betre, styrke musklane sakte, slappe av djupare og puste rolegare. Di meistring er viktig for oss. Sjå utvalget av yogakurs, og sjekk ut timeplanen vår, og så gler vi oss til å sjå deg!

 

Ingvild Skodvin Prestegård er utdanna i England, og er førebels den einaste Dru Yoga Teacher i Noreg. Les meir om Dru Yoga her. Du kan også følge oss på TwitterInstagram og facebook.

Dru yoga er ei blanding av klassisk hatha yoga, tai chi og qi gong.

Vi rører oss sakte, i ein roleg flyt, og held ledda laust og lett bøygde.

Ingenting skal gjere vondt, og vi høyrer på kroppen, og lærer kvar grensene går.

Dru Yoga skal være ei vakker oppleving kvar gong.

Det du treng vite før yogatimen:

Ha på deg klede du kan røre deg i, vi brukar fargerike klede i naturfiber til yoga. Ta med yogamatte (eller kjøp hos oss), og gjerne eit pledd eller teppe til avslappinga. Du treng ei pute til meditasjon, eller du kan få kjøpe yogapute hos oss. Korrekt sitjestilling i meditasjon er viktig for å ikkje feilbelaste kroppen. Kom 10 minutter før timen byrjar – då har du fått gjort deg klar og senka skuldrene. Meld deg gjennom lenka Timeplan & Prisar øverst på sida. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Dersom du vil sjå fleire Dru Yoga videoar, kan du vitje deira online studio.

Få oppdateringar frå Allmenningen yoga

* indicates required

Vi held til ved Helsesenter i Bergen,

Sverresgate 33

HSiB Hires cropped

Gjesteinstruktørar

 

Frå tid til anna kjem det Dru yogainstruktørar og andre gjestar frå England. Her kan du sjå kven som har vore her hjå oss.

2019: Alison Hayward held til i Devon i England, og kjem for å vere med på miniretreaten 31. oktober. Ho er ein ganske nyutdanna Dru yogainstruktør, og held yogatimar i landsbyen Cotleigh. Alison er interessert i å arbeide med miniretreats, med deltakarar som har ryggproblem og mykje anna. Dette vert kjekt :-)

2019: Toby Oliver var gjesteinstruktør på sommarkurset, på teknisk time og sekvenstime i juli. Toby held til i Sheffield, og driv med bedriftsyoga og ein-til-ein, og mykje anna. Toby og Ingvild tok instruktørutdanninga saman i Derby. Kjempekjekt med besøk!

2018: TillyLou James heldt ein nydeleg workshop for oss om den fantastiske Buttafly-puta. Klikk på biletet hennar for meir informasjon. Vi freistar å få til at ho kjem attende i 2020 😃

2016: Jenny Oakenfull var gjesteinstruktør hjå oss, og hjalp til med tekniske timar, sekvenstimar og svangerskapsyoga. Jenny held til i Yorkshire og driv med yoga og ernæring. Det var veldig kjekt å ha henne her, og supert med litt utveksling av erfaringar og idéar 😃