Våren 2023 kjem endeleg eit tilbod for deltakarar som er i gong med rehabilitering etter infeksjonssjukdom. Dette er eit fleksibelt og skreddarsydd tilbod for både grupper og ein-til-ein, eller kan integrerast i ein mentorpakke. Rehabiliteringsprogammet tek utongspunkt i yogaøvingar, men henter også inspirasjon frå andre teknikkar og disiplinar som polyvagalteori, sanseterapi, tai chi og qi gong.

 

Rehabiliteringsprogrammet har fem nivå, alt etter kor frisk deltakaren er. Det lågaste nivået introduserer dei grunnleggande rørslene og øvingane, så alle startar her. Det er veldig individuelt korleis legingsprosessar utfaldar seg, så kvar einskild arbeider vidare i sitt eige tempo. Strukturen på programmet er mjuk og varsam. Det tenkast at deltakaren arbeider heime med øvingar over lengre tid. Det skal vere kjekt å gjennomføre og kjennest som ein myndiggjerande, styrkende prosess.

Dette tilbodet er heilt nytt, så eg har sett opp introduksjonstimar og tilbyr kurs eller ein-til-ein timar etter behov. Du kan bruke skjemaet til høgre for å ta kontakt med meg.

 

Ser fram til å høyre frå deg!

 

Introduksjonstimar i 2023:

26. juni kl. 16:30 – 18:00

21. august kl. 16:30 – 18:00

Pris: 230kr/184kr student

 

Klikk her for registrering & påmelding

Rehabilitering

8 + 14 =