Om oss

 

Allmenningen SA er eit lite samvirke med base i Bergen. Vi driv ulike prosjekt som gjev oss glede, vekst og levebrød. Vi er opptekne av fellesskap og samhald, livskvalitet og meistring. Etter kvart kjem meir utfyllande informasjon.

Vi held yogatimane våre hjå Helsesenter i Bergen, Sverresgate 33.

Det er 7 trappetrinn ned til lokala.

 

Dersom du er interessert i å verte Dru yogainstruktør, så er det fleire kurs som startar i England, Skotland og Wales i år. Det er også kurs i Nederland og Tyskland, dersom det høver betre for deg. Det er stort potensiale for Dru yoga her i Bergen, og vi vil gjerne ha eit større kollegium. Dersom du vil ta instruktørutdanninga, kan du få ei solid mentorpakke fra Ingvild med på kjøpet. Ta kontakt for meir info.

Ingvild Skodvin Prestegård er dagleg leiar av Allmenningen SA. Ingvild er Dru yogainstruktør, holistisk terapeut, sosialantropolog, sosial entrepreneur og mentor. Ho spesialiserar seg på meistringstematikk, kroniske tilstander, legingsprosessar og spiritualitet.

Ingvild har erfaring med mellom anna rygg og nakkeproblem, slappheit og trøttheit, muskel- og skjelettproblematikk, ulike kroniske tilstander, psykiske plagar, forskjellige aspekt ved overgangsalder og lymfesystem, personleg og profesjonell utvikling, meistring og livskvalitet. Til dagleg underviser ho i Dru yoga i Bergen, held kurs og tek imot bedriftsoppdrag.

Ingvild har master i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen og holistiske kvalifikasjonar frå Storbritannia innan aromaterapi, Reiki, Dru yoga, Dru svangerskapsyoga/postnatal yoga og Dru yoga back care, og kvalifikasjonar i thaimassasje fra Thailand. Ho har blogga for det amerikanske nettsamfunnet Cycle Harmony, og har publisert fem meditasjonsbøker.

Publikasjonar:
Moon Journal 2021 – a lunar meditation companion. August 2020. Allmenningen publikasjonar.
Moon Journal 2020 – a lunar meditation companion. Juli 2019. Allmenningen publikasjonar.
Moon Journal 2019 – a lunar meditation companion. August 2018. Allmenningen publikasjonar.
A Day in the Life of… International Therapist, issue 124 (Spring 2018), p. 48
Book review: The Social Life of Achievement, Long and Moore eds. Social Analysis 61(3) pp140-141
Moon Journal 2018 – a lunar meditation companion. August 2017. Allmenningen Publications.
Learning Thai massage in Chiang Mai. Juli 2017. Federation of Holistic Therapists
Moon Journal 2017 – a  lunar meditation companion. November 2016. Allmenningen Publications.
Antropologiens nytteverdi i hverdagen. Desember 2014. Kula Kula, antropologisk tidsskrift, Bergen
Spa Pilgrimage: Recovery and learning to cope with chronic illness at a holistic spa in Thailand. Juni 2013. Masteroppgåve ved institutt for Sosialantropologi, Universitetet i Bergen