
Endeleg kjem det yoga til Klokkarvik! Vi samlast på Grendahuset torsdag kveldar i haust og gjer mjuke rørsler i lag. Vi skal lære litt anatomi, pusteøvingar og strekkar – dette vert kjekt! Dru yoga er ei blanding av yoga, tai chi og qi gong, så vi gjer rolege, gode rørsler som alle får til. Alle timane har fokus på meistring, livskvalitet og fellesskap.
Desse timane er supre for deg som er litt stiv og har litt vondtar – deltakarar med kroniske tilstandar som trur dei er for knirkete for yoga høyrer til her 🙂
Alle får stol å sitte på, ta med deg ei flaske vatn og yogamatte om du har (eller du kan få låne av meg) og eit pledd til avspenninga. Det er ganske kjølig i rommet, så ha gjerne på deg eit lag med ull.
Gler meg til å sjå deg på matta 🙂
Siste kursdag før jul er 14. desember.
Pris: 230kr/184kr student/ufør pr time
Påmelding:
klikk her for registrering & påmelding, eller gjer det via epost: yoga@allmenningen.org
Dersom du har spørsmål om kurset kan du sende dei til den same epostadressa 🙂
I 2024 følgjer kveldstimane på grendahuset det same programmet som kveldstimane på St. Jakobs plass – sjå her for meir info om yogaprogrammet
Pris: 250kr/212,50kr student/ufør pr. time
Klippekort og månadskort kan også brukast her frå 2024.