Velkommen til kvilefabrikken!

 

Her produserer vi kvile.

 

Kvifor er det viktig? Kvile er grunnsteinen til god helse. Når vi kviler skikkeleg brukar kroppen krefter på reparasjon og læring. Når vi kviler vert vi friskare og sterkare. På sikt kan vi til og med lade batteriene, det vil seie bygge motstandskraft og reservekrefter. Dette er sjølvsagt for mange, men for folk som har kroniske tilstandar og gjerne tilknytta utmatting er det ei kjempeutfordring å få god kvalitet kvile. Dette er også tilfelle etter infeksjonssjukdomar og andre påkjenningar.

For at vi skal kunne trene kroppen, styrke musklar og auke rørslerommet må vi altså først kvile. Dersom vi skal ha god livskvalitet må vi få nok kvile. For at vi skal kunne ha krefter til å kunne gjere ein god jobb eller vere ein god ven, må vi kvile. Vi må passe på våre eigne behov først. Det er som på fly: du må ta på di eiga oksygenmaske før du hjelper andre. I kvardagen har vi lett for å gløyme dette, og vi har lett for å utsette sjølvomsorgen vi treng. Vi har også lett for  berre kvile sånn halvvegs, medan det er skikkeleg, effektiv kvile vi treng. 

Dette tilbodet er retta mot deltakarar som kjenner på utmatting og fråver av krefter. Prinsippa vi jobbar med er det same som i yogatimane: alt skal kjennast godt, vi bygger på kjensla av tryggleik og tek tida til hjelp. Rehabiliteringskonseptet er botna i polyvagalteori, fascielære og effektiv kvile. 

Våren 2024 startar utprøvinga av kvilefabrikken. På veldig provisorisk vis kan du få prøve konseptet heime hjå meg, medan vi saman finn ut kva slag endringar som kan målast og korleis vi kan gjere det. Førebels består tilbodet av varmebehandling, vannbehandling og kvile.

 

Er du interessert i å vere med? I starten tilbyr eg kvilefabrikk på enkelte fredagar her på Klokkarvik etter avtale. Prisen vert 575kr/489kr student for omlag tre timar. Ta kontakt for å avtale dato og tidspunkt, og spør om det du lurer på. Send epost til

kvilefabrikk@allmenningen.org