Ta kontakt med Ingvild om du har spørsmål om lunsjsamlingane. Epostadressa er post@allmenningen.org
Lunsjsamlingane er ein samarbeidsarena for folk som er involverte i sosiale entrepriser.
Vi treffast den siste fredagen i månaden til ei lunsjsamling der vi arbeider steg for steg med å utvikle oss sjølve som sosiale entreprenørar og ta målretta steg for dei respektive sosiale entreprisene vi er involverte i. Allmenningen SA er ein sosial entreprise, så alle som er involverte i og samarbeider med Allmenningen SA er sjølvsagt velkomne til lunsjsamlingane.
Gjennom 2026 skal vi arbeide med Dare to Dream Bigger-arbeidsboka som kan lære oss mykje nytt om personleg og profesjonell vekst & utvikling. Send Ingvild epost, så får du materiale vi skal ha jobba gjennom klar til samtale når vi treffast.
Det er viktig at du melder deg på til samlingene, slik at Ingvild kan sende deg førebuingsmateriale.
Du er hjarteleg velkommen,
Beste helsing Ingvild
Formatet for lunsjsamlingane er slik:
Vi tek fatt med 5 minutt kvar til å fortelje om kva vi held på med nett no, og kva vi treng hjelp med. Vi arbeider saman for å styrke, løfte og framme einannan, og våre respektive sosiale entrepriser.
Så jobbar vi med arbeidsboka vi held på med dette året. Vi drøfter dagens tema og ser på kva vi kan gjere, praktisk og konkret, for å jobbe smartare og betre nå måla våre.
Jo betre førebudd du er, jo meir får du ut av lunsjsamlingane.