Utfordringar

 

 

Samfunnsendringar og ansvar

Dei filosofiske og etiske forankringane, tankegodset og verdiane er ulikt fordelt i samfunnet. Det tyder at deltakarar og kunder som kjem til Allmenningen SA truleg har eit stort mangfald av verdiar. Det er difor fasilitatoren si klåre oppgåve å legge til rette for inkludering i praksis, som til dømes setting og oppretthalding av tydelege grenser, og å leie gjennom eksempel.

 

Policy

 

Allmenningen SA, og alle våre aktivitetar og arrangement, skal vere imøtekommande og inkluderande.

Allmenningen SA er ein trygg stad å vere. 

 

Dette tyder at både tilsette, frivillige hjelparar og kunder skal vere trygge her hjå oss.

Til tider vil desse ulike gruppene kunne ha konkurrerande behov, og då har dei tilsette ansvaret for å lytte, og sette gode grenser og kommunisere desse tydeleg og inkluderande til alle involverte.

Allmenningen SA bruker konsultasjonsprosessar og open dialog, i tillegg til ekstern trening, for å hente inn kunnskap og reiskaper til å sette gode grenser. Dette er særskilt viktig i dei områder av Allmenningen SA si verksemd som har med kulturendringar og samfunnsdynamikk å gjere.

Alle tilsette, frivillige hjelparar og kunder vert oppmoda til å kome med kritikk, til å lufte utfordringar og identifisere svakheitar ved Allmenningen SA sine aktivitetar. Dette set ei særs låg list for varsling av alle slag, som vert teken særs alvorleg og handsama i tråd med Allmenningen SA sine verdiar og prosedyrar.

Allmenningen SA skal vere imøtekommande og inkluderande for alle deltakar, minoritetar, isolerte gruppar og deltakarar med særskilte behov. Vi ser alle deltakarar som verdfulle individ, som gjer fellesskapet vårt rikare.

Ver var på kroppspråk, og ikkje overtråkke grensar. Ikkje ver redd for å sei at du har gjort feil.

I undervisningssamanhengar er det viktig for fasilitatorar å vere merksam på ulike læringsstiler, og legge til rette for deltakarar og kunder. I Allmenningen SA verdset vi heile mennesket, og har difor heilskaplege tilnærmingar.

Særskilt i mentorsamanheng, men også andre aktivitetar, vert deltakaren eller kunden utfordra. Det er viktig at dei vert gjort merksame på at dette kjem til å skje, og kvifor det er naudsynt, før dei går i gong med programmet. Denne utfordringa finn ofte stad gjennom dialog, og oppgåver deltakaren eller kunden vert beden om å løyse, og å diskutere med mentor eller fasilitator på eit seinare tidspunkt. Deltakaren eller kunden har ansvar for si eiga utvikling, og det er dei som skal gjere arbeidet. Måla vert sette i fellesskap. Mentor eller fasilitator skal syne veg og både utfordre og støtte undervegs.

Alle tilsette og frivillige i Allmenningen får tilbod om årlege medarbeidersamtaler som også tek opp den etiske forankringa til verksemda og kvar einskild.

Det overordna ansvaret ligg hjå styret, som skal ha oversyn med samsvar mellom teori og praksis. Styret har også ansvar for å sjå til at arbeidsmiljøet i verksemda er helsefremjande.