Policy for opptak og fotografi frå Allmenningen yoga sine arrangement og timar

 

Allmenningen yoga er ein trygg stad å vere for alle deltakarar.

Deltakarane tek aktivt del i timane, og deler gjerne ting om seg sjølve og liva sine som kan vere sensitive eller private.

Deltakarane kjem for å gjere yoga, få reiskap til personleg vekst og utvikling, og treng ro til dei djupe indre prosessane dei er i.

Allmenningen SA meiner at opptak og fotografi påverkar denne tryggleiken.

Opptak, i form av lyd eller bilete, eller fotografi, frå Allmenningen yoga sine arrangement og timar er ikkje tillete utanom:

  • Tilfelle der timen eller arrangementet er eksplisitt annonsert med at det kjem til å verte, eller er lov til å ta opptak
  • Og at alle deltakarar har signert eit løyveskjema i to eksemplarer (ein til Allmenningen yoga og ein til seg sjølve) –
  • Og at det er sjølvsagt, at dersom ein eller fleire av deltakarane ikkje er komfortable med å signere eit slikt løyveskjema, så vert det ikkje opptak.

 

Opptak og fotografi er det absolutte unntaket hjå Allmenningen yoga.

 

 

 

Løyveskjema for opptak og fotografi frå Allmenningen yoga sitt arrangement eller time

 

Eg gjev løyve til at opptak og/eller fotografi frå _______________ (dato) kan utførast, og brukast til

____________________________________________________________________________(formål)

 

Copyright av opptak og/eller fotografi tilhøyrer ___________________________________________,

og kan kontaktast på ____________________________________________________________________

Namn i blokkbokstavar __________________________________________________________________

 

Signatur

 

Dato