Sjølvomsorg

Dette prosjektet har vore utført med støtte frå Noregs Mållag.

Takk til Språkrådet for god hjelp undervegs.

Takk til yogadeltakarane mine for innspel og forslag i prosessen.

Kvile & avspenning

Styrke & motstandskraft

Meistring & myndiggjering

Grunnleggande prinsipp for sjølvomsorg

1.

Alt skal kjennast godt.

Vi held oss innanfor deiligheitsona – dette er milevis frå smertegrensa.

Det er berre når det gjer godt i kroppen at vi klarer å slappe av. 

2.

Ta deg tid til å kjenne etter.

Sakte rørsler, merksemd på pust og kjensler er viktig

for å kunne legge merke til korleis du har det, og kva teknikkane gjer med deg.

3.

Litt og ofte.

Med litt meiner eg mindre enn du greier. Så kanskje tre repetisjonar?

Det skal ikkje gjere vondt etterpå, det skal framleis kjennast godt i kroppen.

4.

Vi handsamer kroppen som om han var ein overtrøytt treåring på veg heim frå barnehagen.

Tålmod, kjærleik, tid og varsam framgong er det som skal til.

Ver god med deg sjølv.