Eg tilbyr fleire yogakurs gjennom året. Dette er kurs for er skreddarsydde til spesifikke deltakargrupper, slik at deltakarane får den best mogelege yogaopplevinga.
Kursa høver også som introduksjonskurs til Dru yoga, og høver godt for deg som aldri har vore på yoga før. Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i det årlege yogaprogrammet som går kvar mandag og onsdag kl. 18:30 – 20:00. Då melder du deg på dei timane som høver for deg.
Eg pleier å seie at yoga er ein livsstil, og at det tek tid å lære, og å la kroppen endrast. Gradvis, over tid, vil du kunne kjenne endring i kropp og sinn. Vi arbeider sakte med langsiktige prosessar som gjev oss betre livskvalitet. Du er hjarteleg velkommen – gler meg til å sjå deg!
Kursoversikt 2023
29. mars 16:30 – 18:00 Introduksjonstime: Rehabilitering etter infeksjonssjukdom
12. april 16:30 – 18:00 Yogakurs for Vaksne (8-vekers yogakurs i samarbeid med ADHD Norge Hordaland)
24. april 16:30 – 19:30 Verkstad: Polyvagalteori
8. mai 16:30 – 18:00 Ryggkurs (nybyrjarkurs, 6 veker)
14. juni 16:30 – 19:30 Verkstad: Lymfe
NB: Det er framleis ledige plassar på Livskvalitet & Meistring, kurset for medlemmar av Bergen Revmatikerforening. Sjå lenka under for meir info og påmelding.