Timeplan
Meld deg på og avbestill timar inntil 24 timar i forvegen. Link til registrering Link til kalenderoversikt
Prisar
Yogatime (90 min.): 230kr / Studentpris 184kr
Månadskort: 1035kr / Studentpris 828kr (kortet varar frå dato til dato)
Klippekort: 10 klipp 2070kr / Studentpris 1656kr (kortet må brukast innan 6 månader)
Kurs: (6 samlingar) 1380kr / Studentpris 1104kr
Miniretreat (3 timar): 575kr / Studentpris 460kr
Ein-til-ein time (90 min): 1380kr / Studentpris 1104kr
Ein-til-ein time (60 min): 1035kr / 828kr student
Ta kontakt for meir informasjon om ein-til-ein tilbod, mentorprogram, bedriftsyoga og gruppetilbod.
Merk: Er du uføretrygda eller medlem av Bergen Revmatikerforening, Bekhterevforeningen Bergen og Omegn eller ADHD Norge Hordaland, får du studentpris på yogatimar, ein-til-ein timar, miniretreats og verkstadstimar hjå Allmenningen yoga 😃 Gje beskjed når du skal betale 😃
Eg tilrår at du kjem på eit yogakurs hjå meg, dersom du er heilt ny til yoga. Sjå her for meir informasjon, og ta kontakt med meg dersom du lurer på noko.
Tekniske timar på mandagar høver godt for nybyrjarar. Her arbeider vi med korleis rørsler og sekvenser er oppbygde, vi har fokus på musklar, balanse og haldning. Eg tilrår alle deltakarane mine å kome på minst ein teknisk time i månaden.
Sekvenstimar på onsdagar og fredagar byggjer på dei tekniske timene, og høver best for deg som har vore hjå oss nokre gonger. Her brukar vi kunnskapen vi har tileigna oss, og arbeider med flyten og energien i rørsler og sekvenser. Eg tilrår alle deltakarane mine å kome på minst ein sekvenstime i veka.
Deltakaren har sjølv ansvar for å sjå til at hen utfører rørslene på eit vis som er godt og støttande for kroppen. All deltaking er på eige ansvar.

Merk at du kan ikkje låne yogamatte no – sjå smitteverntiltaka for full oversikt.