Ein mentor kan hjelpe med å rette merksemda på områder som du vil arbeide meir med, og finne nye løysingar.

Kanskje treng du støtte til å finne deg til rette i ei ny rolle, eller til å endre kurs.

Personleg og profesjonell utvikling tek tid, men med ein mentor kan du lettare finne ei retning du ynskjer.

Du får støtte til å sette realistiske mål, og ta tydelege steg mot dei.

 

Allmenningen tilbyr ei mentorpakke som går over tre månader.

Gjennom denne tida vil du få starta ein myndiggjerande prosess, der du tileignar deg praktiske og løysingsorienterte reiskaper som vil vere nyttige heile resten av livet.

Du vil verte utfordra til å tenke nytt, sjå nye samanhengar og løysingar.

Til å ta tydelege avgjerder, og halde deg sjølv ansvarleg.

Til å overføre kunnskaper og erfaringar på nye vis, til andre områder i livet.

Denne tenesta er for deg som er klar til å ta grep.

 

Ingvild tek berre imot nokre få mentoroppdrag i året, slik at du er sikra individuell merksemd og oppfølging. Ta kontakt for å høyre om plass og oppstart.

Etter førespurnad vert mentortilbodet utvida med ein heilskapleg helsepakke våren 2023. Eg tek imot påmelding til oppstart i mars. 

Mentorførespurnad

5 + 8 =

Mentortilbodet vert tilpassa kvar einskild, men her er eit døme på ei typisk pakke:

 

Gjennom tre månader får du:

 

  • Eit strukturert og samstundes fleksibelt program på seks deler, som du vert leia gjennom.
  • 12 møter á 45 min.: fysiske møter, telefonsamtaler og/eller videosamtaler.
  • Målretta oppgåver og arbeid mellom avtalar.
  • Epoststøtte mellom avtalar.

14600kr. ink. mva/11680kr ex. mva.

Dersom arbeidsgjevar betaler for tenesta, må heile beløpet vere betalt før oppstart. Dersom du betaler sjølv, kan du delbetale kvar månad. Sjå også her for tenester til bedrifter.

 

Ingvild har over 20 års erfaring som mentor og kurshaldar. Du kan lese meir om henne her.