Moon Journal 2020 – a lunar meditation companion

Det er fjerde året vi gjev ut meditasjonsboka Moon Journal 🌛🌝🌜

Moon Journal 2020 er ein fantastisk meditasjonsreiskap for 2020. Boka leier deg gjennom ny- og fullmånemeditasjonar, markering av årstidsendringar og lysfester. Det er plass til å sjå framover med intensjonar, draumar og planar, bakover med evaluering og læring – og å nyte augneblinken.

Boka inneheld 33 vakre meditasjoner og stadfestinger som er lette å hugse. Som vanleg finn du ei lenke i boka til online bonus materiale. Nytt i år, som respons på førespurnader, er færre illustrasjonar, og såleis ei rimelegare bok.

Moon Journal 2020-boka vert kva du gjer henne til – det kan vere ein enkel meditasjon omlag kvar 14. dag, eller det kan dere refleksjonar og intensjonar kvar einaste dag. Det er opp til deg, denne vakre boka ver di frå første stund. Boka tek opp tema frå yogaprogrammet, og følgjer lyset året gjennom. Moon Journal 2020 vert såleis det enklaste viset å halde fram arbeidet frå yogatimane heime, i di eiga tid.

Boka høver også for deg som ikkje når yogatimane hjå oss her i Bergen, anten grunna tidspunkt eller avstand. Høver også for feministar, yogafolk og sensitive folk som er opptekne av månen. Ei kjærleg gåve til deg sjølv eller ein ven.

Boka kan kjøpast gjennom Amazon

Du kan også ta del i vårt nettsamfunnet vårt på Facebook – her delar vi erfaringar og veks saman 🌛🌝🌜

Sjå her for reviews

Moon Journal har etter kvart vorten ein fin tradisjon.