Osteoyoga

 

Eg inviterer til det populære Osteoyogakurset vårt: i 6 veker gjer vi rørsler, sekvensar, pusteøvingar og avspenning som er skreddarsydd for deltakarar med osteoporose og osteopeni. Så langt eg veit, er eg den einaste i heile Hordaland med yogatilbod til denne deltakargruppa.

 

Timane er rolege og trygge: deltakarane sit på stolar i byrjinga og styrker musklar varsamt for betre haldning. Deltakarane har tid til å kjenne på eigne grenser og meistring. Det vert fokus på korleis ein kan trygt røre seg samstundes som kroppen styrkast og trenast. Vi arbeider med balanse, koordinasjon, livskvalitet, tryggleik og meistring.

 

Det er mykje forsking på osteoporose for tida, vi kjem til å kome innom dette også på kurset. Dette kurset er inspirert av arbeidet til Margaret Martin og Dr. Lauren Fishman. Mange av teknikkane kan gjerast heime når du har lært dei. Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i dei andre yogatimane våre.

 

Nytt! Osteoyoga II for deg som allereie har teke del i Osteoyogakurset, og som har bygga opp styrke og balanse. Her vert utfordringane litt djupare og tyngre, og vi legg programmet tettare opp til Dr. Fishman sin metode. Gler meg til å sjå deg!

Det er ikkje satt opp kursdatoar i 2022 enno.

Ta kontakt dersom du vil få beskjed når kurset vert satt opp att, eller har ei gruppe med minst 5 deltakarar som vil ta kurset.

1380kr/1104kr student

Betal med kort på første timen

Osteoyoga

13 + 4 =