Ryggkurs
Dette 6-vekers nybyrjarkurset er særskilt for deg med ryggproblem. I 6 veker gjer vi rørsler, pust og avspenning, og lærer teknikkar som gjev ryggen styrke, fleksibilitet og vedlikehald.
Vi legg lista lågt og sit på stol i byrjinga, og gjer mjuke, varsame rørsler. Målet er å styrke ryggen, auke mobilitet og rørslerom, samstundes som vi kjenner aukande meistring og tryggleik til eigen kropp. Vi ser på litt anatomien til ryggen også. Kurset er også ein god introduksjon til Dru yoga.
Du er garantert ikkje for stiv til å ta del!
Få eit betre forhold til ryggen din 🙂
Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i dei andre yogatimane mine. Gler meg til å sjå deg!