Reiki er ein praksis med naturleg leging som vart utforma i Japan – ordet Reiki tyder Universell Energi. Reiki er ein hands-on terapi der terapeuten kanaliserer denne universelle energien til pasienten, og der den støttar pasienten sin kropp, sjel eller sinn der den trengst mest. Denne energien opplevast som regel som ein mjuk varme, og seiast å kunne hjelpe med å gjenopprette harmoniske balansar i kropp, sinn og sjel.
Reikiutdanning varierer frå stad til stad – det er vanleg å la studenter gå i lære hjå ein meister i fleire år, men det er også mogeleg å gje kortare formell utdanning med mykje oppfølging i etterkant. Allmennignen velgjer det siste, og held Reiki- og yoga tredagarskurs ved jamne mellomrom.
Du vil få alle reiskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt. Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon, lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lunsj eller lett middag på alle dagane. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka.
Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Kurspakke 6000kr.
Det er fem levereglar for Reikiutøvarar, eg har samla dei her på sida. I Austen er det vanleg med etiske levereglar for utøvarar av ulike yrke. Dette har gjerne samanheng med at mange av yrka var relaterte til klosterliv og det regulerte levesettet der. Dei fem levereglane for Reikiutøvarar har mange omsettjingar, men desse er dei eg likar best. Vi mediterer på desse levereglane, og freistar å gjere dei til ein integral del av liva våre.
Dei tre delene ved Reiki:
Gassho
Intensjon
Behandling
Tilråda litteratur:
Diane Stein: Essential Reiki: A Complete Guide to an Ancient Healing Art (dette er læreboka vi nytter, som du får inkludert i kursprisen)
Essential Reiki Teaching Manual: An Instructional Guide for Reiki Healers
Mikao Usui et al.: The Original Reiki Handbook of Dr. Mikao Usui: The Traditional Usui Reiki Ryoho Treatment Positions and Numerous Reiki Techniques for Health and Well-being
Tina M Zion: The Reiki Teacher’s Manual
Reikisamlingar 2024
Har du forslag til kvar vi kan halde samlingane? Nett no er vi heimlause og har sett samlingane på vent.