Reiki er ein praksis med naturleg leging som vart utforma i Japan – ordet Reiki tyder Universell Energi. Reiki er ein hands-on terapi der terapeuten kanaliserer denne universelle energien til pasienten, og der den støttar pasienten sin kropp, sjel eller sinn der den trengst mest. Denne energien opplevast som regel som ein mjuk varme, og seiast å kunne hjelpe med å gjenopprette harmoniske balansar i kropp, sinn og sjel.

Reikiutdanning varierer frå stad til stad – det er vanleg å la studenter gå i lære hjå ein meister i fleire år, men det er også mogeleg å gje kortare formell utdanning med mykje oppfølging i etterkant. Allmennignen velgjer det siste, og held Reiki- og yoga tredagarskurs ved jamne mellomrom.

Du vil få alle reiskapene du treng for å kunne praktisere og lære bort Reiki, og vi gjer spesielt utvalde Dru yogasekvensar for å støtte læringsprosessen. Det vil ta litt tid før all denne nye kunnskapen landar i kroppen og vert fullstendig integrert, kor lenge er veldig individuelt. Du får: Reikiundervisning & attunements, yogatimar, meditasjon, lære- og referansebok, kursbevis og diplom, lett middag på alle dagane. Støtte og oppfølging i ettertid er del av pakka.

Kurset går enten på norsk eller engelsk. Læreboka er på engelsk, og vi følgjer Diane Stein sin læremodell. Kurspakke 6000kr.

Ta kontakt for info om neste Reiki og yogakurs

yoga@allmenningen.org 

 

Vi held Reikisamlingar omlag ein gong i månaden. Sjå kalendaren vår for påmelding. Her byggjer vi nettverket vårt, vi deler åpningar/attunements med dei som allereie har teke reikikurs hjå oss, og vi diskuterer ulike aspekt ved Reiki og det å være Reikiutøvar. Her samlast vi som likemenn, og tek også varmt imot dei som er nyfikne og vil lære litt meir før dei melder seg på Reikikurs. Enkelte samlinger er lukka, og berre for Ingvild sine studentar, som del av oppfølgingstilbodet.
Det er fem levereglar for Reikiutøvarar, vi har samla dei her på sida. I Austen er det vanleg med etiske levereglar for utøvarar av ulike yrke. Dette har gjerne samanheng med at mange av yrka var relaterte til klosterliv og det regulerte levesettet der. Dei fem levereglane for Reikiutøvarar har mange omsettjingar, men desse er dei vi likar best. Vi mediterer på desse levereglane, og freistar å gjere dei til ein integral del av liva våre.

Dei tre delene ved Reiki:

Gassho

Intensjon

Behandling

 

 

 

Reikisamlingar 2023

Har du forslag til kvar vi kan halde samlingane? Nett no er vi heimlause og har sett samlingane på vent.