Eteriske oljer må handsamast med kunnskap og respekt. Ingvild Skodvin Prestegård har utdanning frå England og medlemskap i det anerkjente Federation of Holistic Therapists som aromaterapeut. Dette gjer Allmenningen godt skikka til å nytte dei delikate og kraftfulle eteriske oljene i yogatimane våre. Her freistar vi å gje ei lita oversikt over nokre av dei viktigaste eteriske oljene vi nyttar, og kvifor vi har valgt dei. For meir informasjon om eteriske oljer kan du vitje nettsida til Base Formula, ein av leverandørane våre.

NB: FHT frarår innvortes bruk av eteriske oljer.

Lavendel (Lavendula Officinalis) Dette er ei av dei aller mest nytta plantene i heile den vestlege verda – ordet «vaske»  på latin er lavere, og vitnar om at ein nytta lavendel i vaskevatnet frå gamalt av. No vert lavendel nytta mykje for den klare dufta, men den eteriske olja har også gode terapeutiske krefter. Olja er sagt å vere roande, gje god søvn, antiseptisk (det seiast at nytta til eteriske oljer vart oppdaga då eit brannsår vart behandla med lavendelolje og læktes fort og utan arr), og balanserande på kropp og sjel. Lavendel finnst i fargane kvit, rosa og ulike blå og blågrå tonar – betre kjent som lavendel…
Peppermynte (Mentha Piperita) Myntefamilien er mykje nytta for både smak og duft, og peppermynten er rekna for å vere den finaste av dei alle. Ein skal vere varsam med peppermynten, den kan lett verke overveldande dersom ein nyttar for mykje. Duftar reint og friskt, og er bakteriehemmande – vert difor mykje nytta i tannkrem og i fotbad. Peppermynte er oppkvikkande og verkar visstnok skjerpande for hjernen…
Rose (Rosa Damascena) er den vakraste, dyraste olja av alle… Ofte nytta i behandling av pms, menstruasjonssmerter, overgangsproblematikk, angst- og depresjonsproblematikk. Også svært nyttig i andletsolje. Dette seiast å være den beste olja for kvinner.
Sitron (Citrus Limonum) er den mest kjende av alle sitrusfruktene. Klar og oppfriskande i dufta, sitron har ofte vorte nytta i vasking. Seiast å vere god for lymfesystemet, og ha reinsande eigenskaper.
Virak (Boswellia Carteri/Thurifera) er det vi på norsk kjenner som «røykelse» frå bibelen. Denne oljen er utvinna frå kvae, den er seig og tung og duftar himmelsk. Virak seiast å være god for aldrande hud, og er også nytta som røykelse i kyrkjer. Olja har ei roleg og meditativ duft, og blandast særs godt med rose eller sitron.
Myrra (Commiphora Myrrha) var den andre gåva Jesusbornet fekk. Myrra, som virak, er utvinna frå kvae og er ei tjukk og seig olje. Olja har vore mykje nytta ved pustevansker, og har ein djup og litt bitter duft. Seiast å være god for immunforsvaret.