Treng du ein god start på året?  

 

Yogakurs for vaksne er eit lågterskel nybyrjarkurs særskilt utarbeida for vaksne (16+) medlemmar av ADHD Norge Hordaland. Kurset er åpent for alle, med medlemmar av ADHD Norge Hordaland får rabattert pris.

 

Kurset varer 8 veker, og du vil lære litt om anatomi i tillegg til yogarørsler og pusteteknikkar. Etter kurset vil du ha kjennskap til fleire yogateknikkar som kan brukast i kvardagen. Du vil også ha nok kunnskap til å ta del i andre yogatimar hjå Allmenningen yoga.

 

På kurset startar yogatimen med introduksjon og litt info om musklane vi skal arbeide med. Så gjer vi ei oppvarming, før vi tek fatt på dei andre rørslene. Vi får også med oss pusteøvingar, og til sist gjer vi ei avslapping på golvet. Tema for kurset vert ryggen – mobilitet, styrke og kontroll.

Det er viktig at du kjem presis til timen.

 

Yoga høver godt for deg med ADHD fordi det gjev ro i kropp og sinn, og det kan hjelpe med å halde fokus. Vi øver opp kommunikasjonen mellom hovudet og kroppen, får betre kontakt med kroppen, og lærer gode triks for kvardagsmeistring.

Du treng ei flaske vatn og eit pledd til avslappinga. Du kan få låne stol og matte. Ha på deg komfortable klede du kan røre deg i, gjerne joggebukse og t-skjorte. Ikkje kom på yoga om du er sjuk.

Lenkjer til meir informasjon om yoga og ADHD:

https://www.webmd.com/add-adhd/adhd-mindfulness-meditation-yoga#1

https://www.yogitimes.com/article/yoga-help-adhd-symptoms-relax

Onsdagar kl. 16:30 – 18:00

 

Startdato 17. april 

Prisar:

Medlemmar av ADHD Norge: 1700kr.

Ikkje-medlemmar: 2000kr.

Betal med kort på første timen.

Praktisk:

  • Maks. 8 deltakarar i kvar gruppe.
  • Informer instruktøren på epost om du ikkje har høve til å ta del ein dag.
NB: Bruk skjemaet under til bindande påmelding. Skriv medlemsnummeret ditt i meldinga, saman med fullt namn, mobil og epost. Hvis du ikkje er medlem så går det heilt fint, berre skriv det i meldinga.

Bindande påmelding

14 + 11 =

Allmenningen yoga administrerer påmelding og betaling for kurset.