Yoga for Revmatikerforeningen
Merk: Epost med info om utstyr osb. kjem mot slutten av veke 1 🙂
I desse utfordrande tider er det ekstra viktig å ha vaner som støtter opp under god fysisk og psykisk helse. Dette populære 16-vekers kurset er for deg som er medlem av Bergen Revmatikerforening. Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap som er relevant for yoga om bein, musklar, ledd, og korleis du gradvis kan trene og styrke fysisk og mental helse. Vi skal jobbe med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.
Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere viss på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.
Vår 2023
Våren 2023 vert alle gruppene på tysdag ved Ulriksdal, attmed Haraldsplass.
Tema for yogakurset til våren vert betre samarbeid mellom kroppen og sinnet. Vi kjem til å jobbe med legingsprosessar og styrking av fysisk og mental helse.
Du kan no melde deg på gjennom skjemaet til høgre. Merk at eg fører ventelister også.
Gruppe 1: Tysdagar kl. 15:45 – 17:15
Venteliste
Gruppe 2: Tysdagar kl. 17:30 – 19:00
Venteliste
Gruppe 3: Tysdagar kl. 19:30 – 21:00
6 ledige plassar
Det er ikkje yoga 7. februar, 14. mars, 4. april og 9. mai.
Siste kursdag denne våren er 23. mai.
Dru yoga er ei blanding av klassisk hatha yoga, tai chi og qi gong.
Vi rører oss sakte, i ein roleg flyt, og held ledda laust og lett bøygde.
Ingenting skal gjere vondt, og vi høyrer på kroppen, og lærer kvar grensene går.
Dru Yoga skal være ei vakker oppleving kvar gong.

Dette kurset finn stad i treningssalen til Læring- og Mestringssenteret, Ulriksdal.
Det er parkering på Haraldsplass.
Næraste busstopp er Statsarkivet.
Næraste bybanestopp er Haukeland Sjukehus.
Startdato: 10. januar
Eigenandelen i 2023 vert 1785kr. Eg tek imot kortbetaling på den første timen.
Skriv tydeleg gruppeønske i rekkefølge, td. 1,3,2