Verkstader våren 2023
Verkstad: Lymfe
I denne verkstaden skal vi sjå på lymfe. Vi gjer yoga, brukar sansene og tankane og ser samanhengar med ulike kroppsforståingar (filosofi) og anatomi. Det vert mykje samtale og kvile, med merksemd på teknikkar du kan ta med deg inn i kvardagen din. Verkstaden varar i tre timar.
Høver for deg med lymfeproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
Tidlegare verkstadstimar
Verkstad: Velværeprodukt
Dette er ein av dei mest populære verkstadane eg tilbyr. I denne korte verkstaden tek vi føre oss enkle velværeprodukt. Vi ser samanheng med sjølvomsorg, og tek føre oss fleire ulike ingrediensar. Du kan velge mellom å lage kroppsskrubb, massasjeolje eller ansiktsmaske.
Eg står for alle ingrediensane.
1. juni kl. 16:30 – 18:00
Pris: 230/184kr student
Verkstad: Lysmeditasjonar (del 2)
I denne korte verkstaden ser vi på yogaprogrammet (https://www.allmenningen.org/yoga/yogaprogram/) og Lysmeditasjonar 2022 (https://www.allmenningen.org/lysmeditasjonar/) og korleis dei heng saman, og kan brukast som reiskap til vekst.
Vi gjer yoga og utforsker korleis lystilhøva påverkar energinivåa i kroppen. Ta gjerne med deg Lysmeditasjonar boka di og bonusmaterialet du har arbeida med.
Denne verkstaden høver for deg som er nyfiken på korleis lys, rørsler og meditasjon heng saman her hjå Allmenningen yoga, og for deg som vil ta eit tydelegare steg inn i denne formen for meditasjon.
13. juni kl. 16:30 – 18:00
Pris: 230kr/184kr student
Verkstad: Polyvagal teori
I denne korte verkstad skal vi samle nokre av teknikkane vi har jobba med i yogatimane. Vi gjer yoga, brukar sansene og tankane og ser samanhengar med yogafilosofi og anatomi. Merk at eg har forenkla teorien og har merksemd på korleis PVT er relevant for yoga – og deltakarar med kroniske helseproblem.
Polyvagal teori var utvikla av Dr. Stephen Porges, du kan lese meir på nettsida: https://www.polyvagalinstitute.org
Høver for deg med kronisk helseproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
6. mai kl. 16:30 – 18:00
Pris: 230kr/184kr student
Verkstad: Utmatting
I denne verkstaden skal vi sjå på utmatting, også kjend som fatigue. Vi utforskar forståingar av utmatting og knytter det opp mot sjølvomsorg. Dette vert 90 minutt med yoga, kvile og samtale, med merksemd på teknikkar du kan ta med deg inn i kvardagen din.
Høver for deg med utmattingsproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
6. april kl. 16:30 – 18:00
Pris: 230kr/184kr student
Verkstad: Lymfe
I denne korte verkstaden skal vi sjå på lymfe. Vi gjer yoga og hentar teknikkar frå andre disipliner medan vi utforskar ulike forståings- og handsamingsmodellar.
Høver for deg med lymfeproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
30. mars kl. 16:30 – 18:00
Pris: 230kr/184kr student
Verkstad: Lysmeditasjonar (del 1)
Denne korte verkstaden gjev ein introduksjon i korleis bruke Lysmeditasjonar 2022. Denne samlinga høver for deg som vil lære meir om korleis du får mest mogeleg ut av boka og meditasjonane dine.
Sjå lenka til boka og bonusmateriale: https://www.allmenningen.org/lysmeditasjonar/
Workshop: velværeprodukt til sjølvomsorg
Eg inviterer til ein workshop der vi utforskar ein del ingrediensar til velværeprodukt til sjølvomsorg. Somme stunder treng vi litt tid for oss sjølve, til djup kvile og avspenning. Eit lite rituale, som gjev sjølvomsorg i kvardagen. Ein heimelaga skrubb kan vere tingen, laga av ingrediensar du finn i skapet og hagen. Freistar det?
200kr/160kr student
Råvarene er inkludert i prisen.
Workshop: Smerte
I denne 3-timars workshoppen ser vi på smerte. Vi skal gjere yoga, og hente teknikkar frå andre disiplinar medan vi utforskar ulike forståings- og handsamingsmodellar. Det vert rom for samtale og deling av eigne erfaringar.
Høver for deg med smerteproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
500kr/400kr student
Workshop: Velværeprodukt
Du kan lett lage enkle velværeprodukt heime. I denne workshoppen tek vi føre oss oppskrifter og framgongsmåter på eit utvalg velværeprodukt, som du får ta meg deg heim. Vi kjem til å lage kroppsskrubb, massasjeolje og ansiktsmaske. Vi står for alle råvarene.
Workshop: Moon Journal 2021
I denne workshoppen gjer vi oss kjende med Moon Journal-konseptet, og kjem i gong med å bruke Moon Journal 2021. Vi har merksemd på det som er realistisk og gjennomførbart i kvardagen. Sjå her for meir info – boka vert brukt i kvar einaste yogatime her hjå oss.
Workshoppen høver for deg som mediterer litt, eller som har lyst å kome i gong.
Ta med skrivesaker, og så ordnar Ingvild bord og stolar. Dersom du vil, er det mogeleg å ta del i yogatimen etterpå 🙂
200kr/160kr student. Betal med kort før timen.