Korleis kan yoga påvirke langvarige smerter?

 

Det skal vi utforske saman i 6 veker med mjuke rørsler, pust og avspenning. Vi lærer nye reiskaper til å forstå og handsame smerte, og har god tid til dialog og spørsmål. Vi jobbar med pust, avspenning og nervetrening, lærer litt anatomi og tenkjer litt nye tankar.

Nøkkelorda for kurset er nevroplastisitet (endringar i hjernen – og korleis vi kan støtte utviklinga vi vil ha), tryggleik og polyvagalteori (for meir info sjå her)

NB: Alle deltakarar får stol, så du treng ikkje stå eller ligge på golvet om ikkje det kjennest bra for deg.  Du set sjølv grenser for rørslene du gjer, og alt skal kjennest trygt. Rådfør deg gjerne med lege eller fysioterapeut om du lurer på om dette kurset er noko for deg.

Ta kontakt med meg om du har spørsmål 🙂 

 

Kursstart 2024

6. mai 16:30 Påmelding

24. juni Påmelding

Pris: 1500kr/1275kr student/ufør