Vi held til ved Lærings og Mestringssenteret, Ulriksdal
Startdato: 7. januar
Gruppe 1: Tysdagar kl. 16:30 – 18:00
1 ledig plass
Gruppe 2: Tysdagar kl. 18:30 – 20:00
8 ledige plassar
Merk at det er ikkje yoga 4. februar, 11. mars, 15. og 22. april
Siste kursdag våren 2025 er 20. mai.
Eigenandelen i 2025 er 2500kr. Eg tek imot kortbetaling (evt. delbetaling) på den første timen.
Skriv tydeleg gruppeønske.
Påmeldinga er bindande.
Ingen refundering.
Påmelding til Meistring & Livskvalitet
Hausten 2024
Merk at det er ikkje yoga 12. november.
Siste kursdag hausten 2024 er 10. desember.
Velkommen til nye 16 veker med yoga i 2025!
Det vert eit par endringar til våren:
- Vi flytter opp att til Læring og Mestringssenteret på Ulriksdal
- Det vert berre to grupper denne våren
Dette populære 16-vekers kurset er for deg som er medlem av Bergen Revmatikerforening. Det er viktig å ha vanar som støtter opp under god fysisk og psykisk helse, og vi som har kroniske tilstandar må gjerne jobbe litt hardare for å halde oss så friske som mogeleg.
Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap om bein, musklar, ledd, bindevev, stressrespons og legingsprosessar og korleis du gradvis kan trene og styrke fysisk og mental helse. Vi jobbar langsiktig og sakte, slik at kropp og hovud klarer å snakke saman. Vi kjenner etter, set ord på det vi kjenner og aukar sensitiviteten gradvis. Vi jobbar med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.
Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere viss på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.
Dersom tysdagar ikkje passar for deg, eller du ikkje får plass på kurset, er det mange andre timar og kurs å velje mellom. Sjå timeplanen og kursoversikta for meir info.
- Næraste bybanestopp er Haukeland sjukehus
- Næraste busstopp er Statsarkivet
- Næraste parkeringsplass er Haraldsplass