Smitteverntiltak hjå Allmenningen yoga

 

  • Ikkje kom på yoga dersom du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon.

  • Vask henda godt når du kjem og før du går. Bruk også tilgjengeleg handsprit.

  • Kom så tett opptil timestart som du kan. Dette reduserer opphald på venterommet.

  • Ha med ditt eige yogautstyr: matte, sittepute, teppe, drikke. Du kan framleis låne stol i undervisingsrommet.

  • Dersom du vil bruke ei eller to av dei store pølleputene må du ha med deg handklede som du legg over putene.

  • Sjå til at du held deg innanfor oppmerkinga på golvet. Hald god avstand til andre. Ikkje trakk over andre sine mattar, hald deg til den ‘tomme’ delen av golvet.

  • Du er velkommen til å bruke munnbind om du vil.

  • Sjå til at du kjem i kleda du skal trene i. Ingen skifting av klede ved HSiB.