Våren 2024 flyttar kurset til Fysioterapisenteret i Bergen, St. Jakobs plass 9.

Startdato: 2. januar

Gruppe 1: Tysdagar kl. 14:30 – 16:00

Venteliste

Gruppe 2: Tysdagar kl. 16:30 – 18:00

Venteliste

Gruppe 3: Tysdagar kl. 18:30 – 20:00

Venteliste

Merk at det vert ikkje yoga 30. januar, 5. mars og 9. april. Siste kursdag våren 2024 vert 7. mai.

Eigenandelen i 2024 er 2500kr. Eg tek imot kortbetaling (evt. delbetaling) på den første timen.

Skriv tydeleg gruppeønske i rekkefølge, td. 1,3,2

 

Påmelding

3 + 15 =

Dette populære 16-vekers kurset er for deg som er medlem av Bergen Revmatikerforening. I desse utfordrande tider er det ekstra viktig å ha vanar som støtter opp under god fysisk og psykisk helse, og vi som har kroniske tilstandar må gjerne jobbe litt hardare for å halde oss så friske som mogeleg. Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap som er relevant for yoga om bein, musklar, ledd, og korleis du gradvis kan trene og styrke fysisk og mental helse. Vi skal jobbe med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.

 

Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere viss på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.

 

Ta med deg ei flaske vatn, og yogamatte, teppe & pute hvis du vil, til avslappinga. Ha på deg lause, komfortable klede, som du kan røre deg i. Du kan framleis låne stol i undervisningslokalet.

Ikkje kom på yoga om du er sjuk.

Dersom tysdagar ikkje høver for deg, eller du ikkje får plass på kurset, er det mange andre timar og kurs å velje mellom. Sjå timeplanen og kursoversikta for meir info.

Medlemmar av revmatikerforeninga får studentpris 🙂

Dru yoga er ei blanding av klassisk hatha yoga, tai chi og qi gong.

Vi rører oss sakte, i ein roleg flyt, og held ledda laust og lett bøygde.

Ingenting skal gjere vondt, og vi høyrer på kroppen, og lærer kvar grensene går.

Dru Yoga skal være ei vakker oppleving kvar gong.