Meistring & Myndiggjering

 

Her har eg samla eit lite utval av reiskaper som kan vere med å gje auka meistring og myndiggjering i legingsprosessane. Det er reiskaper som kan vere med på å gje nye perspektiv eller innsikt i samanhengar. Med kjærleik og tolmod går du fram i ditt eige tempo. Ingenting skal vere skummelt eller kjennest utrygt – heller litt spanande og interessant. Rusta med aukande forståing av deg sjølv vert det gjerne lettare å ta grep eller sette grenser der det trengs.

Takksemdjournal

Skriv ned ein ting du er takksam for i dag. Bruk litt tid på å kjenne på korleis tekksemda føles, på gleda dette gjev deg, og på rikdommen denne kjensla fyller deg med. Det treng ikkje vere den tingen du er mest takksam for, poenget er å identifisere kjensla og kjenne henne att.

Her kan du laste ned ein takksemdjournal som du kan bruke. Etter vart vil du også ha ein fin reiskap til å gje deg nye perspektiv på livet ditt. Når du ser attende på nokre månader av takksemdjournal ser du kanskje mønstre. Her ser du kva som er viktig for deg, kva som varmar om hjarterøtene og kanskje kva som ikkje står der. Og når du vert merksam på noko, så kan du gjere noko med det.

I takksemdjournalane mine står det ting som vener, hage og kaffi. Ein liten ting som har gjort ein skilnad den dagen, som eg kjenner takksemd for.

Når du øver deg på å kjenne takksemd øver du også på å styrke nervebanene som gjer leging mogeleg. For meir om polyvagal teori, sjå her.

Lysmeditasjonar

Eg skriv ei årleg meditasjonsbok som du i 2022 kan laste ned gratis her. Dette er ei arbeidsbok som følgjer lyset frå sola og månen heile året. Meditasjonane handler om korleis det naturlege lyset påverkar oss menneske. Boka kan vere med å gje deg nye perspektiv på livet ditt og støtte deg i ein myndiggjeringsprosess. Dette er viktig i all leging, og for meistring og livskvalitet i dagleglivet.

Helse & Livsstil oversikt

Kartlegging av helse og livsstil har fleire funksjonar. Kartlegginga set i gong tankeprosessar og auker merksemda. I tillegg vil du kjenne at du vil utvikle eit språk for desse tinga. Orda kjem kanskje treigt i byrjinga, men dette er også del av øvinga. Det vert etter kvart enklare å kommunisere med andre kring behov og grenser. Skjemaet kan også vere ein fin reiskap å gjere i lag med andre, slik at ein kan prate om dei forskjellige sidene av helse og livsstil. Ein kan også bruke ei slik kartlegging til å måle endring og framgong. Kanskje vil du legge til andre kategoriar som er meir relevante for deg. Det er også mogeleg å bruke denne kartleggingsreiskapen til å utforske gapet mellom det du seier og det du gjer. Skilnaden mellom teori og praksis er ofte overraskande. Dette er noko antropologer elskar å forske på, og det fører til mykje god innsikt. Alt dette er gode reiskap til auka meistring og myndiggjering på pilegrimsferda di.

Last ned:

Oversikt over helse & livsstil

Sansar og sensitivitet

Sansene er der vi tek imot inntrykk frå verda ikring oss. Somme tider toler vi mykje inntrykk, andre tider kan det minste inntrykk vere overveldande og smertefullt. Kor mykje vi toler kan altså variere ganske mykje frå dag til dag, og er ofte relatert til kva som skjer med helsa ellers. Ein viktig del av meistring og myndiggjering er å få innsikt i korleis du opplev sanseinntrykk, slik at du kan sette grenser som høver for deg og støtter dine legingsprosessar. Eg utarbeidd ein kartleggingsreiskap du kan bruke til å få innsikt i kva som er vanleg for deg. Over tid vil du kanskje sjå mønstre og samanhengar som kan vere nyttige for deg. Det er fleire kategoriar her enn det vi vanlegvis tenkjer på når vi snakkar om sansene. Dette er for å få så god oversikt og sjå så mange samanhengar som mogeleg.

Teorien bak denne reiskapen kjem frå National Autistic Society. Følg lenka for meir info og kjelder.

Last ned:

Sanseoversikt pdf                           Kartleggingsreiskap pdf