Sansekurs
Det er med stor glede at vi inviterer til sansekurs hausten 2026!
Dette kurset er ei vidareutvikling av sjølvomsorgsprosjektet vi starta under pandemien. Kurset har vekse fram frå arbeid med nevrodiversitet og polyvagalteori gjennom mange år.
Sansekurset er retta mot deltakarar som kjenner på ubehag kring dysregulering i nervesystemet, eller som ønskjer betre forståing av sansane våre, nervesystemet, sjølv- og samregulering, og legingsprosessar.
Kurset vil vare 8 veker, og ha som formål å verte betre kjend med sansene, kva dei fortel og korleis dei kan tryggast. Det vil vere øvingsoppgåver og teknikkar som kan brukast i kvardagen. På sikt kan dette føre til betre regulering i nervesystemet, og betre livskvalitet.
Det vil vere lekser og litt skrivearbeid med kurset, samt ein meditasjon som deltakarane gjer heime. Vi reknar med at det vil krevje omlag 15 minutt arbeid kvar dag i dei 8 kursvekene for å få mest ut av kurset.
Det kjem ikkje til å vere fysiske øvingar som i ein vanleg yogatime, men mykje kjenning etter og tankearbeid på kurset. Vi avslutter kvar kurstime med avspenning på matta.
Kurset var beta-testa våren 2026, og vert evaluert og finpussa på seinsommaren.
Kursoversikt:
Veke 1: Syn
Veke 2: Hørsel
Veke 3: Lukt
Veke 4: Smak
Veke 5: Berøring
Veke 6: Balanse
Veke 7: Merksemd
Veke 8: Integrasjon
Startdato: 21. september 16:30 – 18:00