Hausten 2026 spurte vi yogadeltakarane om kvifor dei tok del i yogatimar og kurs hos oss, og kva verknad det har hatt for dei. Alle dei aktive deltakarane blei inviterte til å ta del i den anonyme undersøkinga (Deltakarundersøking 2026).
Vi les resultata som indikative heller enn representative grunna få respondentar (berre 31 til dags dato) – denne hausten har vi hatt færre deltakarar enn vanleg, grunna omlegging i yogatilbodet.
Vi var interesserte i sjå korleis regelmessig deltaking på yoga hos oss har innverknad på helsa, kroniske tilstander, livskvalitet – og eventuelt på sjukefråver.
• I gjennomsnitt har deltakarane gått på yoga hos oss i 4,9 år.
• Mange har blitt pensjonistar i den tida.
• Den største deltakargruppa er medlemmar av Bergen revmatikerforening.
Heile 90% av respondentar har kroniske helseplagar.
• Fleire repondentar kryssa av fleire val. Dette reflekterer kvardagen deira, og kompleksiteten ved helsetilstand og sjukdom.
• Sjukefråverstatistikk frå Nav gjev berre ein årsak til grunn.
Utdrag frå svar på undersøkinga:













