Introduksjon

I yogatimane på mandagar, onsdagar og torsdagar* kl. 18:30 – 20:00 følgjer vi eit årleg yogaprogram. Dette yogaprogrammet tek utgangspunkt i årstidene og lyset, og korleis dette påvirkar oss som biologiske vesen. Yogaprogrammet gjev harmoniske rammar for personleg vekst og utvikling, og høver særs godt for deg som har yoga som del av livsstilen din. Over tid, ettersom åra går, kan djupe endringar i kropp og sinn fine stad, på eit roleg og trygt vis. Du treng ikkje være fleksibel eller sterk for å byrje her, men eg tilrår at du tek eit av yogakursa først som introduksjonskurs. Her kjem du til å lære dei viktigaste teknikkane du kjem til å trenge vidare. Vi bruker Lysmeditasjonar i alle yogatimane  som eit meditativt rammeverk for personleg vekst og utvikling. Du er velkommen til å ha boka med deg i timen.

 

Du melder deg på dei timane som høver for deg. Som alltid er det din kropp som set grensene for det du gjer, alt skal kjennast trygt og godt. Eg vonar at du vil halde fram her hjå Allmenningen yoga.

*torsdagar finn kveldstimene stad på Klokkarvik grendahus. Sjå alltid timeplanen for oppdatert informasjon.

 

Årshjulet

Vi som bur ved 60˚ nord ser store skilnader i lystilhøva gjennom året. Det er litt av det som gjer det så vakkert her, ikkje sant? Korte vinterdagar, lange sommarnetter og mange, lange skumringstimar. Når yogaprogrammet speglar korleis lyset påverkar oss, vert yogaprogrammet ekstra fint. Du kan lese meir om det lengre nede på sida, og i Lysmeditasjonar. Vi bruker årshjulet som ei visuell framstilling av året:

  • Den ytterste sirkelen syner ny- og fullmånene i året. Merk at Lysmeditasjonarkonseptet ikkje er eit astrologisk konsept, men at det dreier seg om lyset.
  • Den innerste sirkelen syner lysfestene, som følgjer solkalenderen. Det er desse som er så viktige for oss her oppe i nord, med dei store endringane mellom lys og mørke kvart år. Eg har gjeve dei norske namn. Denne kalenderen markerer såleis balansen mellom lys og mørke gjennom året.
  • Den midterste sirkelen syner yogaprogrammet (sjå under) – det vil seie, dei tema vi jobbar med i tida som leier opp til neste lysfest. Gjennom eit år vil vi altså ha mogelegheit til å arbeide med alle sidene, eller aspekta ved oss sjølve. Lysmeditasjonar er ein vakre reiskap i denne prosessen, og vi bruker boka til refleksjon og ettertanke i timane våre.

Kvar månad i veka som leier opp mot fullmåna gjer vi fullmånehelsing i yogatimene. Eg oppmodar også til å bruke Lysmeditasjonar som hjelpemiddel, både til refleksjon, modning og sjølvutvikling.

Månesyklusen har ulike sider – nymånen høver best for intensjonar, drøyming og planlegging, og fullmånen høver best for gjennomføring, aksjon og avgjerder. Gjennom å lytte til kroppen, naturen og lyset ikring oss, og ikkje minst månen, kan vi bruke desse energiane best mogeleg, og «sigle i medvind».

Når vi gjer månehelsinga kvar månad, vert det ein måte å måle tida på, å merke framgang og endring på. Tid er den aktive ingrediensen i meditasjon 🌛🌝🌜

Vi gjer EBR 3, Chandra Namaskara, Vatnsekvensen, ulike asanas/rørsler, pranayama/meditasjon og avslapping. Spelelista er her.

Eteriske oljer: kamille, sypress, myrt.

Etter vintersolkverv er tida for ein ny start. Draumane frå vinteren vert sakte omgjort til idéar, og kreativiteten spirar.

Vi går back to basics med grunnprinsippa i rørsler og pust. Vi kjenner på musklar og balanse, og tek fatt med oppbygging, og idéar for det nye året. Om vinteren er vi stivare i kroppen enn om sommaren, og vi respekterer dette. Vi kjenner på rørslerommet, og er gode med oss sjølve.

Kva mål ynskjer du å sette for deg sjølv i år? Dette programmet inneheld EBR1, jordhelsing, Inner Fire sekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama/meditasjon og avslapping. Spelelista er her

Eteriske oljer: Sitronmelisse, ingefær og einebær.

Februar/mars er tida for å auke energinivået i både kropp og sinn. Dette er tida for å lage realistiske planar for året.

Dagane vert lengre, og mot slutten av mars kjem vårjamndøger og fører oss inn i sommarhalvåret. Kroppen vert mjukare, og vi kjenner også at styrken og balansen vert betre. Programmet førebur kropp og sinn på lysare dagar og sommar, og leier oss frå den introverte vinteren til den ekstroverte sommaren.

Korleis vil du bruke energien din desse vekene? Dette programmet inneheld EBR2solhelsingPowersekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her

Eteriske oljer: sitron, bergamot, ylang ylang og timian.

Mars og april er tida for å fokusere den auka energien. Dette er ei tid for å gjere. Det er kreative og aktive dagar.

Naturen kring oss er full av liv, og vi tek oss tid til å kjenne at vi står stødig og at det vi gjer kjem frå kjærleik.

Korleis kan du arbeide for å oppnå måla dine, samstundes som du set pris på augneblinken? Dette programmet inneheld EBR4, Compassion- sekvensen, Helsing til dei fire vindretningane, ulike asanas/rørsler, pranayama/meditasjon og avslapping. Spelelista er her

Eteriske oljer: sitron, bjørk og kvann.

Mai/juni er tida for å nyte vårkjensla, og det fantastiske lyset. Dette er ei tid for gjennomføring, og for meistring.

Sommersolkverv står for døra, med lange, lyse netter. Vi nyt kjensla av dei styrka musklane, den stødigare balansen og den rolegare pusten. Livskraft og tryggleik fyller kroppen no, og vi slappar av etter kraftfulle rørsler.

Kva ønskjer du deg for deg sjølv resten av året?  Vi gjer EBR2, Solhelsingar og Vitalitetssekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her

Eteriske oljer: mandarin, peppermynte og sandeltre.

Juni og juli er ferietid for mange, og tid for å kjenne at vi er godt planta på jorda. Vi kviler i solvarmen.

Det er høgsommar og alt modnast ikring oss. Vi tek oss tid til å kjenne at vi modnast inni også. Personleg vekst og utvikling er noko som skjer med alle, men gjennom yoga får vi gode reiskap til å styre denne utviklinga.

Korleis vil du føle deg? Vi gjer EBR5, og Prithvi Namaskara (jordhelsinga), Grudasekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her.

Eteriske oljer: lavendel, palmarosa og rosetre.

August/september er semesterstart, attende til jobb etter ferie, den første byrjinga på hausten. Det er ei tid for resultat, og for takksemd.

Jorda gjev rikeleg av avlingar som vi hauster. Vi ser tydelege resultat frå det vi sådde tidlegare på året. Det går mot haustjamndøger, og den ekstroverte delen av oss trekk seg attende slik at den introverte delen kan få kome til i vinterhalvåret.

Vi kjenner at kroppane våre byrjar å trekke seg litt saman, samstundes som det vert litt færre lystimar kvar dag.

Korleis vil du bruke energien din dei neste vekene? Vi gjer EBR8, Helsing til dei fire vindretningane, Natarajasanasekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her.

Eteriske oljer: lavendel, grapefrukt og cade.

I september og oktober lagrar vi solvarme og energi til vinteren. Haustjamndøger er forbi, og vi går inn i mørketida. Dette er ei fin tid for indre refleksjonar, røynsle og visdom.

Veret vert kaldare, kveldane kjem tidlegare, og verda ikring oss er i endring. Hausten er tida for indre vekst og refleksjon. Det er tida for å gje slepp på gamalt, for å legge frå oss ting som ikkje lenger er nyttige. Kropp og sinn gjer seg klare for vintermodus, og det er ei god tid til å roe ned, balansere immunforsvar og forebygge stress.

Kva lærer du om deg sjølv? Vi gjer EBR1, Suryia Namaskara (solhelsingar) og Compassionsekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Her finn du spelelista

Eteriske oljer: sitron, eucalyptus, timian, og patchouli

I november og desember tek vi oss tid til å stå stille og kjenne etter. Dette er tida vi har minst energi i heile året, så vi kviler og tek vare på oss sjølve.

Her er vi inne i dei mørkaste dagane, før vintersolkverv kjem med løfte om lysere dager og sommar. Vi trekk innover til det djupaste i oss sjølve. Aksepterer heile oss, slik vi er. Dette er det perfekte yogaprogrammet til å leie deg gjennom julestria, og inn i det nye året.

Korleis har du vore god med deg sjølv i år? Vi gjer EBR4, Druhva Namaskara og tre-sekvensar, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping.  Her er spelelista.

Eteriske oljer: Appelsin, myrra og virak.