Yogakurs for bedrifter

Yogakurs som del av stressreduksjon, lagbygging og trivsel

 

Invester i dei tilsette gjennom yogakurs:

Gje dei tid til å utforske samspelet mellom individ og fellesskap på yogamatta.

Gje dei tid til å lære å gje slepp på stress og spenningar, og legg til rette for helsebyggande arbeidsdagar.

Gjennom arbeidet på yogamatta kan dei tilsette bli kjente med seg sjølv og kollegaer på ein ny måte.

Kommunikasjonen som føregår på matta kan vere med å styrke fellesskapet og samhandlinga på jobb, samt auke forståinga for kvarandre.

Yogakurs og sjukefråver

 

• Vi veit at langtidssjukefråver handlar om mange faktorar og totalbelasting. 

• Stress, slitasje, plager og smerter som har bygd seg opp gjennom mange år. 

• Menneske har heile, fulle liv, men kan berre få sjukemelding frå arbeidsplassen. 

Dette heilskaplege perspektivet er nøkkelen i arbeidet vårt:

• Gjennom undervising i anatomi, filosofi, rørsler, pust og kvile får deltakarane nye overførebare kunnskapar:

• Gjennom sakte og grundig arbeid over lang tid, får den enkelte reiskapar til å lære betre ergonomisk bruk av kroppen, som er med på å førebygge og redusere muskel- og skjelettplager. 

• Den enkelte får rom til å utvikle seg: evaluere verdiar, prioriteringar og grensesetting, som kan vere med å førebygge og redusere fysiske og psykiske belastingar.

• Gjennom langsiktig yogatrening lærer den einskilde å gje slepp på stress, å halde seg rolegare, å reflektere før dei handlar, slik at dei får betre kontroll over eige liv.

• Resultatet vert betre helse, trivsel og produktivitet. Dei tilsette kan vere i arbeidslivet lengre, og bruke kompetansen sin i bedrifta, som har mindre utskifting av av tilsette og mindre sjukefråver. 

 

Slik kan vi redusere behovet for sjukefråvær, på berekraftig og heilskapleg vis. 

  • Frå erfaring veit vi at yogakursa har best innpakt når dei varar eit semester om gongen.

  • Vi treng tid på matta for å koble av mellom jobb og heime, så 90 minutt yogatimar er vanlegvis det som fungerer best.

  • Vi har god erfaring med ein yogatime i veka, på slutten av arbeidsdagen.

  • Kontakt Ingvild for samtale og utarbeiding av yogakurs.

Vi finn løysingar saman