Allmenningen yoga tilbyr no yogakurs for unge (10 – 16 år) ?
Yogakurs med rolege rørsler, pusteøvingar og avspenning.
Kvar samling varar 60 min.
Kurset er berekna på unge (10 – 16 år) i følgje av ein vaksen (16+), og er særleg eigna for unge med utfordringar kring ADHD og/eller autismespekteret.
Max 8 deltakarar (inkludert vaksne) i kvar gruppe.
Vi arbeider med
• Balanse
• Konsentrasjon
• Fokus
• Impulskontroll
• Sjølvkjensle
• Meistring
• Indre ro
• Komunikasjon mellom kropp & hovud
Neste kursstart:
Fredag 7. august kl. 16:30
Fredag 11. september kl. 16:30
Prisar
4-vekers yogakurs: 1400kr,- per ung deltakar i følgje med ein vaksen (16+)
Alle prisar inkluderer mva.
Merk at alle må ha med eige utstyr (yogamatte, teppe, sittepute, drikke), i tråd med smittevernreglane. Ta kontakt dersom du lurer på noko ?
Vi held halvdagskurs for lærarar: Her får du introduksjon til enkle reiskapar du kan lære vidare til elevane dine for å gje auka ro og sjølvkjensle. Ta kontakt med oss for å høyre meir om tilbodet, og finne dato.
Vi held også yoga & stressmeistringskurs for lærarar og tilsette ved skular, sjå her for meir info.
Kontakt- & påmeldingsskjema

