Workshop: Moon Journal 2021
I denne workshoppen gjer vi oss kjende med Moon Journal-konseptet, og kjem i gong med å bruke Moon Journal 2021. Vi har merksemd på det som er realistisk og gjennomførbart i kvardagen. Sjå her for meir info – boka vert brukt i kvar einaste yogatime her hjå oss.
Workshoppen høver for deg som mediterer litt, eller som har lyst å kome i gong.
Ta med skrivesaker, og så ordnar Ingvild bord og stolar. Dersom du vil, er det mogeleg å ta del i yogatimen etterpå
200kr/160kr student. Betal med kort før timen.
8. januar kl. 16:30 – 18:00
Registrering & påmelding
Merk at du treng ikkje yogaklede til denne workshoppen.
Tidlegare workshops
Workshop: Smerte
I denne 3-timars workshoppen ser vi på smerte. Vi skal gjere yoga, og hente teknikkar frå andre disiplinar medan vi utforskar ulike forståings- og handsamingsmodellar. Det vert rom for samtale og deling av eigne erfaringar.
Høver for deg med smerteproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
500kr/400kr student
Workshop: Fatigue
I denne 3-timars workshoppen ser vi på fatigue. Vi skal gjere yoga, og hente teknikkar frå andre disiplinar medan vi utforskar kva fatigue tyder for oss, og ser på ulike forståings- og handsamingsmodellar. Det vert rom for samtale og deling av eigne erfaringar.
Høver for deg med fatigueproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
500kr/400kr student
Workshop: Lymfe
I denne 3-timars workshoppen ser vi på lymfe. Vi skal gjere yoga, og hente teknikkar frå andre disiplinar medan vi utforskar ulike forståings- og handsamingsmodellar. Det vert rom for samtale og deling av eigne erfaringar.
Høver for deg med lymfeproblematikk, samt pårørande og andre interesserte.
500kr/400kr student
Workshop: Velværeprodukt
Du kan lett lage enkle velværeprodukt heime. I denne workshoppen tek vi føre oss oppskrifter og framgongsmåter på eit utvalg velværeprodukt, som du får ta meg deg heim. Vi kjem til å lage kroppsskrubb, massasjeolje og ansiktsmaske. Vi står for alle råvarene.