Fordjupingstime

 

 

Allmenningen yoga inviterer til fordjuping i klassiske og velkjende rørsler.

 

Vi utforsker rørsler som er inngår i dei fleste yogapraksisar, og vi skal sjå på kvar rørsla kjem frå og går til.

Vi skal kjenne på personleg vekst og bearbeiding, på muskelstyrke, kontroll og pust.

I løpet av timen skal vi også innom litt mytologi og anatomi.

Etter timen vil du ha ein betre kjennskap til denne klassiske rørsla, og verte tryggare i din eigen yogapraksis.

Timen høver både for deg som er heilt ny på yogamatta, og for deg som har vore på yoga hjå oss før.