Fokus på rygg

 

Dette 6-vekers kurset er særskilt for deg med ryggproblem. I 6 veker gjer vi rørsler, sekvenser og avspenning, og lærer teknikkar som gjev ryggen styrke, fleksibilitet og vedlikehald.

 

Vi legg lista lågt og sit på stol i byrjinga, og gjer sakte, varsame rørsler. Målet er å styrke ryggen, auke mobilitet og rørslerom, samstundes som vi kjenner aukande meistring og tryggleik til eigen kropp. Kurset er også ein god introduksjon til Dru yoga.

Du er garantert ikkje for stiv til å ta del!
Få eit betre forhold til ryggen din :-)

1200kr. per deltakar. Betal med kort på første timen.

Etter kurset vil du ha nok kunnskap til å ta del i dei andre yogatimane våre. Gler oss til å sjå deg!

Øvelsene har jo vært helt fantastiske for meg

Rigmor, tidlegare deltakar