Hausten 2021

Kjem dei to første yogakursa for Bekhterevforeningen Bergen og omegn. Kursa varer 8 veker og tek føre seg grunnleggende rørsler og teknikkar. Ta kontakt med foreninga for påmelding og betaling.

Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap som er relevant for yoga om bein, musklar, ledd, og korleis du gradvis kan trene og styrke kroppen. Vi skal jobbe med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.

 

Målet med kurset er at du skal få reiskaper som kan være med på å gje deg auka livskvalitet og ei større mestringskjensle, auka rørslerom og sjølvkjensle. Etter kurset kjem du til å ha nok kunnskapar til å ta del i dei andre yogatimane våre, og vere viss på at du kan gjere dei endringane du treng for å ha ei trygg og positiv oppleving.

Ta med deg yogamatte, ei flaske vatn, og teppe & pute, hvis du vil, til avslappinga. Ha på deg lause, komfortable klede, som du kan røre deg i. Det er stol til alle deltakarane.

Eg oppdaterer smitteverntiltaka etterkvart.

Det er plass til åtte deltakarar i rommet, slik at det vert ein meter mellom kvar matte.

Startdatoar

 

Kurs 1:

onsdag 18. august kl. 16:30 – 18:00

Kurs 2:

onsdag 20. oktober kl. 16:30 – 18:00

Dru yoga er ei blanding av klassisk hatha yoga, tai chi og qi gong.

Vi rører oss sakte, i ein roleg flyt, og held ledda laust og lett bøygde.

Ingenting skal gjere vondt, og vi høyrer på kroppen, og lærer kvar grensene går.

Dru Yoga skal være ei vakker oppleving kvar gong.

Merk: Det er 7 trappetrinn ned til Helsesenter i Bergen. Det er parkering i Paleet P-hus i same gate.