Under utvikling i 2026
Ta kontakt med Ingvild om du er interessert i å vere med i utviklinga. Epostadressa er ingvild@allmenningen.org
Sansekurs
Som vidareutvikling av sjølvomsorgsprosjektet vårt, lagar vi eit online kurs om korleis vi kan bruke sansene til å styrke motstandskraft og få auka livskvalitet. Vi tek utgongspunkt i sanseoversikta og kartleggingsreiskapen vi laga då, og bygger vidare til eit kurs med ti modular.
Kjensla av tryggleik
Dette er nøkkelordet for utforsking og utvikling i 2026. Vi inviterer til samtenking kring kva dette tyder for kvar einskild – og håpar å finne nokre fellesnevnarar. Dette handlar om å utvikle språk og merksemd.
Fagspråk & omgrep
Samstundes som vi starta sjølvomsorgsprosjektet, gjekk vi også i gong med å lage ei oversikt over fagspråk og omgrep. Mykje handla om å lage eit godt, klårt og dekkande fagspråk, og også om å omdefinere ord og omgrep. Denne prosessen har stått stille ei stund, men vi håpar å få framdrift på dette i 2026.