Osteoyoga

Vi held til på Klokkarvik, på SAFT i klasserom 6

Kursstart 19. november

Kl. 17:00 – 18:00

Dette kurset blir eit prøvekurs på kun 4 veker.

Pris: 1000kr.

Påmelding: klikk her, eller send epost

Allmenningen yoga har undervist osteoyogakurs sidan 2019, og har god erfaring med å jobbe med beinskjøre deltakarar. Arbeidet vårt er mellom anna inspirert av Dr. Lauren Fishman og Margaret Martin.

Velkommen til yogakurs for deg som er beinskjør!

 

Det er mange utfordringane med å vere beinskjør. Kanskje den største utfordringen er at ein gjerne kjenner seg utrygg, og ein kan bli redd for å gjere ting ein før likte godt. Uroa for å brekke bein kan ta over mykje av livsgleda. Dette yogakurset kan vere med på å auke livskvaliteten og gje mestringekjensle.

 

Ostoyoga kursoversikt

  • Vi bruker tid på å lære om osteoporose, også kjent som beinskjørheit.
  • Vi lærer om skjelett og musklar, om bindevev og blod, lymfe og nervesystem.
  • Samanhengen vil gje ei ny forståing av kroppen.
  • Vi gjer varsame styrkeøvingar og balanseøvingar. Desse kan du også gjere heime, dersom du likar å trene dagleg.
  • Vi gjer mjuke sekvensar, det vil sei rørsler i samanhengande flyt.
  • Vi brukar visualisering og pust for å auke kjensla av tryggleik i kroppen.
  •  Til slutt gjer vi ei roleg avspenning, som hjelper kroppen til å kvile og lære.
  • 6 veker (kurset med oppstart i november går over 4 veker)
  • Tid til spørsmål
  • Tid til å kjenne endring
  • Tid til å lære øvingar og rørsler

Du treng ikkje vere mjuk eller sprek for å vere med. Du er velkommen til å ta del i eit varmt og inkluderande fellesskap, der deltakarane lærer og utviklar seg saman. Blir du med?

Dru yoga er ei blanding av klassisk hatha yoga, tai chi og qi gong.

Vi rører oss sakte, i ein roleg flyt, og held ledda laust og lett bøygde.

Ingenting skal gjere vondt, og vi høyrer på kroppen, og lærer kvar grensene går.

Dru Yoga skal være ei vakker oppleving kvar gong.