Velkommen til eit heilskapleg kvinnenettverk i Bergen!
Kvinnenettverket er eit samarbeid mellom kvinner i bergensområdet som driv bedrift eller prosjekt etter heilskapelege verdiar. Vi treffast den siste fredagen i månaden og tek del i eit måltid. Det er gratis å ta del i nettverket, du berre betaler for maten din.
Kvinnenettverket fremjer heilskaplege perspektiv og bedriftsmodellar som har forankring i sosiale verdiar. Her kan vi dele tankar og erfaringar om korleis vi går fra teori til praksis, og korleis vi aktivt og vakent arbeidar med tema som inkludering, likeverd, grensesetting, og personleg & profesjonell vekst og utvikling.
Formatet er slik: Vi har 5 minutt kvar til å fortelje om kva vi held på med nett no, og kva vi treng hjelp med. Vi arbeider saman for å styrke, løfte og framme einannan, og våre respektive prosjekt.
Vi vonar du vil være med!
I 2023 tek vi også føre oss arbeidsboka Dare to Dream Bigger. Mellom samlingene arbeider vi kvar for oss, og så kjem vi saman for å diskutere arbeidspunkta frå boka. Saman jobbar vi gjennom oppgåvene, kjenner på verdiane våre og set ord på det som var uklårt. I dette fellesskapet får vi hjelp til å tenke saman, utvide horisontene våre og botne arbeidet vi gjer i verdiane våre. Dette arbeidet vil også gje oss betre skikka til å styre prosjekta og verksemdene våre på heilskapleg vis, i retningar som er gode for oss sjølve og verda ikring oss.
Det er viktig at du melder deg på til samlingene, slik at Ingvild kan sende deg førebuingsmateriale.
***
I 2021 har vi teke føre oss Me and White Supremacy-boka. Dette er ei arbeidsbok som gjev oss reiskaper til å jobbe med antirasisme og underliggande tankestrukturar. Mellom samlingene arbeider vi kvar for oss, og så kjem vi saman for å diskutere arbeidspunkta frå boka. Dette inkluderer kva vi kan gjere betre, kva vi har lært, og korleis vi kan ta praktiske grep for å auke inkludering i det vi gjer, der vi er. Dette arbeidet vil også gje oss betre skikka til å forstå, og arbeide med, universell utforming.
I 2022 har vi jobba gjennom Dare to Dream Bigger, og gler oss til å ta fatt på denne inspirerande reisa ein gong til i 2023.