Turbulente tider

Eg har tenkt ei stund på å skrive noko om protestane for Black Lives Matter. Mykje har vore skrive i avisene, og i sosiale medier, og debatten går også i yogasirklar kringom i verda. Eg tek fatt med standpunktet: Eg, og Allmenningen SA, er for eit inkluderande og raust samfunn.  Eg, og Allmenningen SA, er mot diskriminering og andregjering av alle slag.   Så korleis gjer vi dette i praksis? Allmenningen yoga skal vere ein trygg stad å vere. Vi har fokus på meistring, og på personleg vekst og utvikling. Gjennom introduksjonen til timen, rørsler, pusteøvingar, meditasjon og avspenning jobbar vi heile tida med merksemd. Å verte merksam på oss sjølve, på verda kring oss. Å velje korleis vi responderer på situasjonar, å sette grenser, å prøve ut nye tankar, å utfordre oss sjølve. Sakte og varsamt aukar vi tryggleiken i oss sjølve, som gjer det mogeleg å stille djupare spørsmål. Vi lærer om filosofi og etikk, snakkar og tenkjer på kompliserte tema og utvider horisontene våre.   Vi snakkar ofte om definisjonsmakt, og perspektiv. Om korleis det ikkje er ein fasit på dei filosofiske problemstillingane vi diskuterer. Om kor lærerikt det er å sjå verda frå andre sine perspektiv. Vi snakkar ofte om det å vere audmjuk og åpen, og villing til å lære. Dette er verdiar vi tek med oss inn i liva våre utanfor yogatimen.   Vi snakkar også om privilegier, og korleis det kan vere vanskeleg å forstå noko anna når ein er i ein privilegert situasjon. Ofte er det til og med ikkje opplagt at ein er privilegert, og såleis kan det vere ekstra utfordrande å akseptere andre, gjerne...

Når dørene åpnast

Eg har vore aleine mesteparten av tida desse vekene. Det har vore ei fin tid, med mykje meditasjon og skriving, men også mykje utfordring av komfortsona. Eg har sakna menneske: vener, sjølvsagt, men også alle deltakarane som kjem på yoga. Som opplev ting saman med meg. Som veks, og bearbeider ting med meg. Den utruleg gode, varme nærleiken vi har i Allmenningen yoga, det herlige fellesskapet vi har, det har eg måtte vere uten så altfor lenge. No skal eg liksom gå ut i verda att. Eg er så takksam for det! Eg ser fram til yoga, teater, kafé, tur i parken og folkeliv på Torgalmenningen. Eg fryder meg med tanken: no skal den ekstroverte delen av meg få masse innput att. Så er det berre det at desse vekene har gjort meg å sart. Eg er så tynnhuda no, så utruleg sensitiv. Korleis skal eg greie å forhalde meg til høglydte samtalar bak meg på bussen når eg har hatt det så stille så lenge? Korleis skal eg orke å handsame alle luktene når eg går gjennom travle gater? Eller den overveldande heilheta av sanseinntrykk, no som eg har vore heime aleine i mange veker? Eg set min lit til yoga og meditasjon. No som vi kan samlast på mattene våre i same rom, kjem vi til å bruke tid på å kjenne på korleis vi har det. På plassen vi tek opp. På grensene våre. Kjenne på korleis det føles å vere nær andre menneske. Kva vi er komfortable med – og kva som ikke kjennest fullt så greit. Kjenne på kva som skjer i det ukomfortable rommet. Og kjenne på kva...

Medan dørene er lukka

Eg vonar du og dine har det bra i desse dagar. Eg saknar deg i yogatimane, eg saknar samhaldet og fellesskapet. Vi har det så godt i lag! Desse dagane er utfordrande for oss alle. Eg ser frå kontakta eg har med vener og kjende i sosiale medier, at mange tenkjer på ting dei ikke har for vane å bruke så mykje tid på. Som korleis dei eigentleg vil ha det. Korleis dei eigentleg vil bruke tida si. Eg ser at det er ein revolusjon undervegs. Ein revolusjon, ei omvelting, som handlar om grunnleggande verdiar i samfunnet vårt. Om kva vi verdset, og korleis vi syner det. Som løn og status, no som vi ser kva yrkesgrupper som faktisk er viktige. Om korleis vi utfordrar etablerte sanningar, som kva vi reknar for arbeid, og kvar vi kan gjere arbeidet frå. Om kva som er mogeleg.   Verda går brått saktare. Er ikkje det deileg? Å ha tid til å puste litt, sitte litt lengre med kaffikoppen. Sjå på skyene og la tankene fare. Kjenne på kjenslene i kroppen, i sinnet. Ha tid til å finne ut korleis desse kjenslene kan handsamast, og kva som kjennest rett. Kjenne på skilnaden mellom levestandard og livskvalitet. Ta modige val.   Til vi er attende på yogamattene, held vi kontakta via epost og sosiale medier. Det vi har i Allmenningen yoga, er eit støttande og oppløftande fellesskap. Vi kan tenkje saman, kjenne på, og utforske ting i lag. Vekse saman, oppleve endring i lag. Vi mediterer saman, gjer rørsler i lag og puster i kor. Vi er glade i einannan her, Allmenningen yoga er ein trygg stad å vere. Eg gler...

Veksesmerter

Det vi gjer i yogatimane er djupt terapeutisk arbeid. For kroppen, for hovudet, kjenslene og emosjonene våre. Vi har ikke så mange arenaer i dag der vi får arbeide med utvikling på alle desse områdene samstundes, så tida på matta er dyrebar.   Det er litt magisk å kjenne korleis pusten er det som fyller kroppen med liv, og korleis tankemønstre vert endra etter konsentrerte timar med fokus på balanse, koordinasjon og merksemd på fleire deler av kroppen samstundes. Det er nesten utruleg kor verknadsfulle visualiseringar av til dømes snøklokker i ei vinterhage kan vere. Dette må erfarast før vi kan tru det, vi må oppleve det sjølv for å forstå kor stort det er. Gjerne fleire gonger, vi menneske kan vere litt tungnemme slik.   Vi kjem inn i ein prosess som kan vere vanskeleg å sette ord på. Det språket vi har for slikt hentar vi frå kunst og religion, og det kan gjerne kjennast litt framand for mange. Det er også ein prosess der vi vert merksame på ting vi ikke har kjent på før, eller kanskje ikke på lenge. Då kan gjerne sinne eller frustrasjon kome fram, eller tårer strøymer fra augo, latterkrampa gjev seg ikkje, eller gamle minne kjem opp. Dette er vekst. Det er endring. Somme tider kan det gjerne kjennast litt skummelt, eller gjere litt vondt. Veksesmerter, rett og slett. Det er då vi har valet: å stå i det, å vere til stades i prosessen, sjå kva som skjer og kvar utviklinga går, eller vi kan stenge att, stritte imot, gjere opprør mot oss sjølve og prøve å halde fast på slik ting var.   Det er...

Fellesskapet i yogatimane

Eg har ein regel for yogatimane eg held – timen startar ikkje før alle er komne, og ingen går før timen er ferdig*.   Det har ei veldig enkel årsak: det er det som skjer mellom deltakarane, som er viktigast i timane. Deltakarane er på kvar sine reiser gjennom livet, med kvar sine utfordringar og historier. Desse menneska kjem saman på sine respektive matter, og deler opplevinga av yogatimen saman.   Ein god yogatime er når dei einskilde deltakarane smeltar saman til ein større organisme. Dei som har vore med i kor, veit kva dette er. Vi vert ein del av noko større, går frå å vere einskilde deltakarar og individer, og vert noko anna. Vi har ikkje mange arenaer i det moderne samfunnet der denne prosessen kan finne stad, men yogatimen er altså ein av dei. Kvar einskild deltaker er kjempeviktig for heilheta og opplevinga av å vere eitt i rommet, og denne kjensla vert brutt dersom folk kjem eller går tidleg.   Eg er instruktøren, fasilitatoren og vegvisaren. Men eg er den minst viktige personen i rommet. Magien er samspelet mellom deltakarane. Nesten umerkeleg puster dei i takt. Dei smiler til einannan, støtter og oppmuntrar einannan. Deltakarane rører seg i takt, roleg og kontrollert, innanfor sine respektive grenser. Saman kjenner dei på musklar og rørslerom, på pusten og på kjenslene som kjem. Saman tek dei styring på tankane, og tek imot den salige kjensla i det stille rommet etter rørsler og pust. Dei drar på denne ferda i lag, utforskar og tek imot endring. Ser seg sjølv i spegelen (metaforisk – vi har ikkje spegel i rommet) og kjenner på kven...

The Maiden-Mother-Crone archetype

C.G. Jung describes archetypes as concepts or ideas we all share and that we can all recognise. These concepts or ideas are inherited and shared among all human beings. The meaning held by archetypes is often unconscious and can be hard to put into words. An example of an archetype is Mother. We all know what a Mother is – even if we don’t remember our own, and even if our own mother wasn’t very motherly. We all understand the idea of Mother and what a mother is supposed to be. We can recognise the concept of Mother in art and literature, all around the world. One of the most famous examples of Mother is the Holy Virgin, her face kind and mild as she tends to her son. There is another level to archetypes too: not only can we all recognise the concept of Mother – we all have a little corner of ourselves that is Mother. This is irrespective of sex, gender, cultural norms and other variables. For every archetype we can recognise in the world, there is an aspect of ourselves that is that archetype too. I am particularly interested in this, more to follow. Much of the language we have for discussing archetypes comes from mythology, including religion. These are often old stories about strange god-like creatures. Family relations, interpersonal relationships and making sense of the world and the cosmos are what many of our mythological stories are about. The people in these myths are – or embody – archetypes. Through the ages we have recognised archetypes of women. In today’s world we may sometimes...

Om justering i yoga

    Når eg får nye deltakarar på yogakurs eller timar, er det minst ein som spør om eg kan kome rundt og justere dei i posisjonane. Dette er vanleg praksis mange stader, og somme tider vil instruktøren dra i deltakarane, eller dytte dei inn i ein posisjon. Eg har sett videoar av instruktører som har lagt all kroppsvekta på deltakarane for å bøye dei djupare inn i ei stilling. Dei har sikkert gode grunnar til dette, men eg gjer det aldri. Eg meiner at når kroppen og hovudet kommuniserer godt, og kroppen er klar – og sterk nok – til å gjere ei rørsle, så kjem det. Roleg og udramatisk, når deltakaren er klar.  Heile kroppen heng saman. Dersom vi har svake, ukoordinerte eller underutvikla musklar ein stad, vil andre delar av kroppen kompensere for å halde oss gåande. Dette er ein del av tilpassingsevna vi har som menneske, og som gjer oss så flinke til å overleve, men det er milevis frå overleving til meistring, og det er meistring vi arbeider med i yoga. Når vi skal gjere ei rørsle som krev balanse, styrke, fokus og koordinasjon – som til dømes Vrksasana (treet), gjev eg først ei verbal og visuell forklåring av kva vi skal gjere. Så gjev eg verbale instruksjonar, eller prompts, undervegs. Eg fortel at beinet vi står på, må ha mjukt kne. At beinet vi løftar, kan framleis vere nede i bakken. Og at hoftene skal vere på linje. At vi løfter heile ryggen når vi løfter armene, slappar av i skuldrene og pustar djupt og roleg. At vi glir gjennom rørsla, før vi...

Connection

I wanted to share some thoughts that have been maturing in me for a while. It all started years ago with an excellent video  about addiction based on Jonathan Hari’s bestselling book. Hari’s argument is that the opposite of addiction is connection. Once meaningful connections are in place, people thrive and do well, they show resilience and strength. As a social anthropologist I find this perspective really interesting. Anthropological research has shown again and again that things we perceive to be truths and facts are not – and I wonder if it is the same with addiction. But it wasn’t addiction I wanted to think with you about, it was connection. Once we start thinking about the meaning of connection, its power and implications, things become really interesting. Oftentimes we use the term ‘attention’ when I think ‘connection’ would be both more appropriate and insightful. In the case of people who self-harm, or attempt suicide, or engage in erratic behaviour there is a well-established narrative about attention. “She craved attention”, we say. “He only did it for attention”. “It was a cry for help. It was all about attention, really.” I think this is extremely unhelpful. Claiming that a person is primarily motivated by attention reduces them and their actions to shallow, unreflected and infantile beings. It adds shame and humiliation to already difficult processes. It reduces them in the eyes of the people around them, and their own too. Sometimes people – and especially young people – lack the vocabulary and experience to describe their situation in words. They may not know how to talk about it, or...

#METOO

  Eg har lest i fleire norske avisar om #METOO-rørsla i den siste tida, og tykkjer vi har skrive oss litt ut på sidelinjene. Eg meiner debatten må rammast inn att i kva rørsla eigentleg handlar om, og i kva saka eigentleg gjeld.   #METOO handlar om at kvinner fortel at dei har opplevd seksuell trakassering.   Trakassering tyder at nokon har vore utsett for uønska merksemd, og inkluderer både små og store ting. Poenget her er ikkje kor alvorleg trakasseringa er, poenget er at trakasseringa finn stad.   Takka være sosiale medier, internett og pressedekking, er det no ikkje lengre tvil om at kvinner opplev overveldande og enorme mengder seksuell trakassering. I den grad at det er tydeleg at trakasseringa er systematisk og institusjonalisert.   Dette er ny kunnskap i den offentlege sfæra, avdi kvinner tidlegare har opplevd at dei ikkje fekk tale, ikkje vart trudde, eller at narrativet deira vart endra. Kvinner har opplevd at når dei sa frå, vart dei avbrotne, eller snakka over. Dei skjønte at ingen ville høyre forteljingane og bekymringane deira. Kvinner har opplevd at ingen har trudd dei når dei fortalte om den uhøvelege åtferda til kjende eller respektable menn. Kvinner har varsla om uønska seksuell merksemd frå menn og vart møtte med spørsmål om kva dei gjorde sjølve, kva dei hadde på seg og kvifor dei trudde denne mannen var interessert i nettopp dei. No har desse avleiings- og hersketeknikkane mista si makt.   Det er fleire konsekvensar av dette.   •Det eine er at kvinner tør å varsle og fortelje. Dette er viktig, og er i seg sjølv ein siger...

Context for meditation & Moon Journal 2018

I want to write something about meditation. About Mindfulness, about being present and about being still. Let me just say that I’m to writing about fads or gurus with dollar signs in their eyes – I’m writing about an old fashioned – some would say boring – cultural trait of Norwegians.   Norway is a country covering over 300.000 square kilometres – slightly smaller than Vietnam, slightly larger than Poland – with an extraordinarily low population. We’re just over 5 million people, giving a population density of 16 people per square kilometres. This is the same as Finland and Saudi Arabia. We have vast areas that are uninhabitable, or at least hard to inhabit. Nowadays most of us live in built up areas, towns and small cities and yet most of us retain a very close relationship with nature.   Norwegians love hiking through our amazing landscape. Mountains, plains, forests and sea shore, we love it and get out there as often as we can. We love skiing, snowboarding and parachuting – in fact any outdoor activity. In summer we can often be found in boats or small holiday homes in hard-to-get-to places. Sometimes we can spend time in nature and go days without seeing another person. With all this space, it’s easily done.   Most Norwegian children attend nursery from the age of 1. They will spend a great deal of time outdoors, rain or shine, as we believe fresh air is good for you. We have a saying: there’s no such thing as bad weather, only bad clothing. During the weekends these same children go with their...