Moon Journal 2021

SONY DSC

No er den femte Moon Journal-boka endeleg klar! Det kjennest ganske stort ?

 

Du kjenner kanskje historia om korleis eg ville gje yogadeltakarane ein reiskap dei kunne bruke heime. Noko som kunne følgje dei fra yogamatta og inn i kvardagen. Og at det var enklare å publisere ei bok på Amazon enn å printe ut noko sjølv. Og no er det altså det femte året at dette skjer.

 

I år er boka ryddigare og tydelegare, og meditasjonene kanskje endå meir tankevekkende enn tidlegare. Eg er spent på å høyre kva du tykkjer.

 

Moon Journal 2021 er ei arbeidsbok der lesaren les ein meditasjon, arbeider med denne meditasjonen i kring to veker, og skriv passande og personlege intensjonar i boka undervegs. Det å sittje med, tenkje på, og snakke om eit tema i omlag to veker gjev tid til vekst og modning. Det er dette som gjer at boka er ein reiskap til endring. Det er sakte arbeid. Kvar meditasjon er knytta til ein spesifikk tid på året, det vil seie lystilhøva. Dei endrar seg litt fra år til år, så det er difor det kjem ei ny bok kvart år. I tillegg er jo den gamle boka utskriven. Boka handlar om korleis dei spesielle lystilhøva påverkar oss. Dette er altså ikkje ei astrologisk bok, så det er ingenting om supermåner eller formørkingar.

 

Moon Journal 2021 er ei arbeidsbok, det vil seie at det er du som les boka, som gjer meditasjonsarbeidet, og skriv intensjonane dine i boka. Intensjonar er gjerne litt uvanlige å arbeide med på norsk, så eg skal forklare kva eg meiner.

Intensjonar er ønsketenking, håp og draumar, som du vil arbeide for. Det er korte setningar skrivne i førsteperson, bestemt form: “eg er …”, “eg har …” og så vidare. Desse intensjonene seier noko om korleis du vil ha det i desse vekene. Det er eit løfte til deg sjølv, som du då arbeider målretta mot, til det ikkje lengre er relevant eller naudsynt. Dei er gjerne tenkt mykje på, og snakka mykje om, dei er bearbeida og har djup meining for deg. Intensjonar er korte setningar som vert sittande i hovudet til inspirasjon og styrke. Mykje kjem an på kor godt du arbeider med boka – det kan vere krevjande å sette realistiske intensjonar som du då følgjer opp. Intensjonar er også ei bevisstgjøring av korleis du vil ha det – og kva du då må gjere. Når du til slutt skriv det ned, vert det ei tydeleggjering som går mykje djupare enn å berre tenkje det. Det er altså her arbeidet – og utviklinga – sit. Du får best resultat om du les i boka kvar einaste dag. Intensjonar handlar om å sette fokus på det du vil ha, på korleis du vil ha det. “Eg er roleg og utkvilt”, til dømes, heller enn “eg skulle ønske eg fekk meir søvn”. Intensjonar er skrivne fra ein sterk posisjon, fullt med takksemd og glede.

 

Eg les frå Moon Journal-boka i kvar yogatime, og det er alltid mogeleg å ha samtalar kring intensjonar og korleis vi bruker boka før timen tek fatt. Eller send meg ein epost.

 

Og berre for ordens skuld, det kjem altså ei større bok med tid og stunder, som tydeleggjer konteksten for Moon Journal-konseptet og kvifor det er så viktig ? Watch this space…