Turbulente tider

Banner imageEg har tenkt ei stund på å skrive noko om protestane for Black Lives Matter. Mykje har vore skrive i avisene, og i sosiale medier, og debatten går også i yogasirklar kringom i verda.

Eg tek fatt med standpunktet:

Eg, og Allmenningen SA, er for eit inkluderande og raust samfunn. 

Eg, og Allmenningen SA, er mot diskriminering og andregjering av alle slag.

 

Så korleis gjer vi dette i praksis?

Allmenningen yoga skal vere ein trygg stad å vere. Vi har fokus på meistring, og på personleg vekst og utvikling. Gjennom introduksjonen til timen, rørsler, pusteøvingar, meditasjon og avspenning jobbar vi heile tida med merksemd. Å verte merksam på oss sjølve, på verda kring oss. Å velje korleis vi responderer på situasjonar, å sette grenser, å prøve ut nye tankar, å utfordre oss sjølve. Sakte og varsamt aukar vi tryggleiken i oss sjølve, som gjer det mogeleg å stille djupare spørsmål. Vi lærer om filosofi og etikk, snakkar og tenkjer på kompliserte tema og utvider horisontene våre.

 

Vi snakkar ofte om definisjonsmakt, og perspektiv. Om korleis det ikkje er ein fasit på dei filosofiske problemstillingane vi diskuterer. Om kor lærerikt det er å sjå verda frå andre sine perspektiv. Vi snakkar ofte om det å vere audmjuk og åpen, og villing til å lære. Dette er verdiar vi tek med oss inn i liva våre utanfor yogatimen.

 

Vi snakkar også om privilegier, og korleis det kan vere vanskeleg å forstå noko anna når ein er i ein privilegert situasjon. Ofte er det til og med ikkje opplagt at ein er privilegert, og såleis kan det vere ekstra utfordrande å akseptere andre, gjerne motstridande, synspunkt. Helse er det eksempelet som kjem opp oftast: dersom eg er frisk og har masse energi, korleis kan eg då forstå fatigue og kronisk smerte?

Svaret er gjennom respekt og aksept. Eg må respektere deg, og det du seier, og akseptere at det er erfaringa di. Sjølv om dette kanskje går på tvers av mi eiga oppfatting av livet.

Denne audmjuke haldninga, som inneber læring og endring av eigne perspektiv, og ei vilje til å halde fleire verkelegheitsoppfattingar i hovudet samstundes, er viktige kognitive eigenskapar i samhandling med andre menneske.

 

Det inneber at vi tek høgde for at vi kan ta feil, at det er ting vi ikke veit, at vår eiga forståing ikkje sikkert er så informert eller opplyst som vi trudde.

Det tyder at sjølv om ikkje eg har opplevd rasisme i Noreg, så er ikke det einstydande med at det ikkje finst rasisme i Noreg.

Eg er ikkje fasiten på korleis det er her i landet, eg har berre erfaringa mi.

Det er ikkje interessant at eg ikkje har opplevd rasisme i Noreg – det som er interessant er at du har.

Då må eg respektere det du seier, og akseptere at det er erfaringa di.

Og spørje kva eg kan gjere. Vere villig til å lære, til å sjå verda på ny, til å utfordre andre som seier at du tek feil. Vere villig til å sitte og snakke saman, til å gjere endringar saman og til å arbeide saman.

Black Lives Matter.