Når dørene åpnast

Apple blossomEg har vore aleine mesteparten av tida desse vekene. Det har vore ei fin tid, med mykje meditasjon og skriving, men også mykje utfordring av komfortsona. Eg har sakna menneske: vener, sjølvsagt, men også alle deltakarane som kjem på yoga. Som opplev ting saman med meg. Som veks, og bearbeider ting med meg. Den utruleg gode, varme nærleiken vi har i Allmenningen yoga, det herlige fellesskapet vi har, det har eg måtte vere uten så altfor lenge.

No skal eg liksom gå ut i verda att. Eg er så takksam for det! Eg ser fram til yoga, teater, kafé, tur i parken og folkeliv på Torgalmenningen. Eg fryder meg med tanken: no skal den ekstroverte delen av meg få masse innput att.

Så er det berre det at desse vekene har gjort meg å sart. Eg er så tynnhuda no, så utruleg sensitiv. Korleis skal eg greie å forhalde meg til høglydte samtalar bak meg på bussen når eg har hatt det så stille så lenge? Korleis skal eg orke å handsame alle luktene når eg går gjennom travle gater? Eller den overveldande heilheta av sanseinntrykk, no som eg har vore heime aleine i mange veker?

Eg set min lit til yoga og meditasjon. No som vi kan samlast på mattene våre i same rom, kjem vi til å bruke tid på å kjenne på korleis vi har det. På plassen vi tek opp. På grensene våre. Kjenne på korleis det føles å vere nær andre menneske. Kva vi er komfortable med – og kva som ikke kjennest fullt så greit. Kjenne på kva som skjer i det ukomfortable rommet. Og kjenne på kva prisen er. 

For det er ein pris vi må betale etter all denne tida i kvar våre heimer. Nokre av oss kjenner kanskje at prisen på gå attende til det ‘vanlege’ er for høg, og tek grep for å endre kvardagen. Kanskje sakke ned litt, simplifisere litt. Ta konsekvensene av at verdiane våre har endra seg. Andre av oss kjenner kanskje at prisen på å ha vore isolert så lenge er blitt så altfor høg, og at for å kome attende til ein betre mental balanse, vil vi trenge støtte, samver og mykje tid og tålmod. 

Uansett situasjonen din, er det ein plass til deg her hjå Allmenningen yoga. For deg som tør kjenne på alle desse tinga, for deg som er klar til å la deg endre. For deg som er klar til denne pilegrimsferda.

Difor legg vi ekstra vekt på mental helse i vekene som kjem, og arrangerer Miniretreat kvar fredag i ei tid framover. Desse tretimars samlingane gjev struktur til bearbeidinga som vil finne stad, og er ein trygg stad å vere. Her kan vi ta oss tid, dele eller vere stille. Kjenne på korleis kropp og sinn faktisk har det. Vere til stades i augneblinken og vite at vi er i eit varmt fellesskap.

Vi sjåast på yoga.

NB: Merk smitteverntiltaka!