Medan dørene er lukka

Eg vonar du og dine har det bra i desse dagar. Eg saknar deg i yogatimane, eg saknar samhaldet og fellesskapet. Vi har det så godt i lag!

Desse dagane er utfordrande for oss alle. Eg ser frå kontakta eg har med vener og kjende i sosiale medier, at mange tenkjer på ting dei ikke har for vane å bruke så mykje tid på. Som korleis dei eigentleg vil ha det. Korleis dei eigentleg vil bruke tida si.

Eg ser at det er ein revolusjon undervegs. Ein revolusjon, ei omvelting, som handlar om grunnleggande verdiar i samfunnet vårt. Om kva vi verdset, og korleis vi syner det. Som løn og status, no som vi ser kva yrkesgrupper som faktisk er viktige. Om korleis vi utfordrar etablerte sanningar, som kva vi reknar for arbeid, og kvar vi kan gjere arbeidet frå. Om kva som er mogeleg.

 

Verda går brått saktare. Er ikkje det deileg? Å ha tid til å puste litt, sitte litt lengre med kaffikoppen. Sjå på skyene og la tankene fare. Kjenne på kjenslene i kroppen, i sinnet. Ha tid til å finne ut korleis desse kjenslene kan handsamast, og kva som kjennest rett. Kjenne på skilnaden mellom levestandard og livskvalitet. Ta modige val.

 

Til vi er attende på yogamattene, held vi kontakta via epost og sosiale medier. Det vi har i Allmenningen yoga, er eit støttande og oppløftande fellesskap. Vi kan tenkje saman, kjenne på, og utforske ting i lag. Vekse saman, oppleve endring i lag. Vi mediterer saman, gjer rørsler i lag og puster i kor. Vi er glade i einannan her, Allmenningen yoga er ein trygg stad å vere. Eg gler meg til vi kan opne dørene att, og gå vegen vidare i lag.