Veksesmerter

1imbolcblancDet vi gjer i yogatimane er djupt terapeutisk arbeid. For kroppen, for hovudet, kjenslene og emosjonene våre. Vi har ikke så mange arenaer i dag der vi får arbeide med utvikling på alle desse områdene samstundes, så tida på matta er dyrebar.

 

Det er litt magisk å kjenne korleis pusten er det som fyller kroppen med liv, og korleis tankemønstre vert endra etter konsentrerte timar med fokus på balanse, koordinasjon og merksemd på fleire deler av kroppen samstundes. Det er nesten utruleg kor verknadsfulle visualiseringar av til dømes snøklokker i ei vinterhage kan vere. Dette må erfarast før vi kan tru det, vi må oppleve det sjølv for å forstå kor stort det er. Gjerne fleire gonger, vi menneske kan vere litt tungnemme slik.

 

Vi kjem inn i ein prosess som kan vere vanskeleg å sette ord på. Det språket vi har for slikt hentar vi frå kunst og religion, og det kan gjerne kjennast litt framand for mange. Det er også ein prosess der vi vert merksame på ting vi ikke har kjent på før, eller kanskje ikke på lenge. Då kan gjerne sinne eller frustrasjon kome fram, eller tårer strøymer fra augo, latterkrampa gjev seg ikkje, eller gamle minne kjem opp. Dette er vekst. Det er endring. Somme tider kan det gjerne kjennast litt skummelt, eller gjere litt vondt. Veksesmerter, rett og slett. Det er då vi har valet: å stå i det, å vere til stades i prosessen, sjå kva som skjer og kvar utviklinga går, eller vi kan stenge att, stritte imot, gjere opprør mot oss sjølve og prøve å halde fast på slik ting var.

 

Det er berre eg som veit kva som er rett for meg. Somme tider er eg klar for vekst og utvikling, andre tider treng eg tryggleika av dei føreseielege rammene kring slik eg var før. Det gamle er kjend, og er såleis trygt. Det nye er heilt ukjend. Fullstendig uvisst. Det kan vere desorienterende, som å gå ikring med bind for augo. Eg har ikke peiling på kva som skjer, kva reglar som kjem til å gjelde, kven eg er i ferd med å verte og i det heile korleis verda heng saman. Så det kan vere godt å ta eit pust i bakken før eg gjev meg ut på ferda vidare. Likeeins er det berre du som veit kva som er rett for deg. Lukke til på pilegrimsferda.