Fellesskapet i yogatimane

Eg har ein regel for yogatimane eg held – timen startar ikkje før alle er komne, og ingen går før timen er ferdig*.

 

Det har ei veldig enkel årsak: det er det som skjer mellom deltakarane, som er viktigast i timane. Deltakarane er på kvar sine reiser gjennom livet, med kvar sine utfordringar og historier. Desse menneska kjem saman på sine respektive matter, og deler opplevinga av yogatimen saman.

 

Ein god yogatime er når dei einskilde deltakarane smeltar saman til ein større organisme. Dei som har vore med i kor, veit kva dette er. Vi vert ein del av noko større, går frå å vere einskilde deltakarar og individer, og vert noko anna. Vi har ikkje mange arenaer i det moderne samfunnet der denne prosessen kan finne stad, men yogatimen er altså ein av dei. Kvar einskild deltaker er kjempeviktig for heilheta og opplevinga av å vere eitt i rommet, og denne kjensla vert brutt dersom folk kjem eller går tidleg.

 

Eg er instruktøren, fasilitatoren og vegvisaren. Men eg er den minst viktige personen i rommet. Magien er samspelet mellom deltakarane. Nesten umerkeleg puster dei i takt. Dei smiler til einannan, støtter og oppmuntrar einannan. Deltakarane rører seg i takt, roleg og kontrollert, innanfor sine respektive grenser. Saman kjenner dei på musklar og rørslerom, på pusten og på kjenslene som kjem. Saman tek dei styring på tankane, og tek imot den salige kjensla i det stille rommet etter rørsler og pust. Dei drar på denne ferda i lag, utforskar og tek imot endring. Ser seg sjølv i spegelen (metaforisk – vi har ikkje spegel i rommet) og kjenner på kven dei vil vere.

 

Å kome til yoga er å sette av tid til seg sjølv. Å prioritere seg sjølv, å vere villeg til å arbeide med seg sjølv. Det seier mykje om sjølvrespekten når deltakarar kjem 1o minutt før timen, og set seg til for å meditere. Dei investerer i seg sjølve på dett viset, er aktive deltakarar og tek eigneskap over prosessane sine. Det er eit buddhistisk ordtak som lyder omlag som “Mediter ein halvtime kvar dag, med unntak når du er travel. Då mediterer du ein time” Det er noko med å sette av tid til seg sjølv, å prioritere denne rolege stunden i rørsle og stille, og i utviklingsprosess.

 

Stemninga i rommet, energien og atmosfæren, vert danna av kvar einskild deltakar. Kvar einskild deltaker er viktig, og verdifull. Difor er det viktig at heilheta av timen får dere intakt frå start til slutt. Det er stemninga som gjer magien mogeleg, og såleis den einskilde deltakaren sin vekst og utvikling. Gjennom å sette denne ramma for yogatimane, legg eg som instruktør til rette for ei trygg og god oppleving kvar gong.

 

Kom på yoga ❤️ Ver god med deg sjølv ❤️

 

 

*I tilfelle nokon er nøydde til å gå til ei anna avtale, går dei før avspenninga, med ei klar forståing av at det er ikkje meininga at nokon skal gå før timen er ferdig.