Kvifor Moon Journal 2018 er relevant for deg

2018 Front coverKvart nytt år flyt nyttårsføresetta og konfettien laust. Vi er fylte av optimisme og skippertak før kvardagen kjem og dei fleste av oss vonar skjelmsk at ingen hugsar kva vi sa og lovde.

 

Kva om det kunne være annleis?

 

Dersom dette lyder kjent, er Moon Journal 2018 den perfekte boka for deg. Hjå Allmenningen yoga nyttar vi denne vakre meditasjonsboka til å leide oss gjennom året. Boka er like varsam som yogatimane, og er faktisk utvikla for at du skal kunne arbeide vidare med prosessar, tankar og kjensler heime.

 

Kva er spesielt med Moon Journal 2018?

  1. Det er ei meditasjonsbok med berre 33 meditasjonar for heile året. Det tyder at du har tid til å gjere alle. Berre skriv datoane inn i kalenderen din, set av 10 minutt på tampen av dagen – eller når det høver best for deg – og så greier du å fullføre utan problem.
  2. Meditasjonane finn stad på kvar ny- og fullmåne, og årstidsskifte. Boka forankrar deg i naturen, i lyset, som stadig er i endring her hjå oss. På eit vart og roleg vis, har du ein reiskap som gjev deg ein pause i kvardagen til å finne ro.
  3. Det som gjer boka spesiell, er det du skriv i henne. Moon Journal 2018 er ei arbeidsbok, med mykje skribleplass. Notér ned refleksjonar, strøtankar og kjensler som kjem opp når du tenkjer på meditasjonen.
  4. Det er også plass til intensjonar. Intensjonar er ønske, planar og draumar. Tenk på korleis du vil ha det, korleis du drøymer og at kvardagen din skal være. Intensjonane er den viktigaste delen av boka: skriv i presens og gjer det konkret. Eg har, eg er, og så bortetter. Intensjonane hjelper deg til å tenkje det, skrive det og sei det. Såleis er det ikkje lange vegen til det vert slik – eller du vil sjå kvar det kan være nyttig å justere forventingane. Eit døme kan være “Eg set gode grenser for meg sjølv”. Dette kan du gjenta kvar ny- eller fullmåne heilt til du kjenner at det faktisk er slik. Vegen dit er ei bevisstgjeringsprosess, og går heilt til kjerna av den du er. Somme ting vil ta lengre tid enn andre, men prosessen er den same.
  5. Det er ei bekrefting, ein mantra, til kvar meditasjon. Denne er lett å hugse, og du kan nytte denne til å snakke godt med deg sjølv, og til å halde deg fokusert på det du arbeider med.
  6. Sist, men ikkje minst, så nyttar vi Moon Journal 2018 i yogatimane. Her får du sjansen til å dele, dersom du vil, eller vi kan slå av ein prat etter timen. Moon Journal 2018 er ein integral del av yogaprogrammet vårt, og du vil sjå at rørslene og sekvensane vi gjer støtter opp under dei prosessane du arbeider med gjennom boka.

 

Vi har to miniretreats som gjev ei praktisk innføring i korleis ein kan nytte Moon Journal 2018:

 

Søndag 7 januar (her er det berre 4 plassar, så meld deg på i god tid) i Strandgaten 207.

Fredag 16 februar (her er det plass til 6 deltakarar, som vanleg) ved Helsesenter i Bergen.

 

Sjå kalenderen vår for meir info & påmelding (dersom du ikkje er registrert, må det gjerast før du kan melde deg på).

Vi har også eit nettsamfunn der du er hjarteleg velkommen til å ta del. Her veks vi i lag, utveksler erfaringar og kan treffast til meditasjon dersom det er ønska.

 

Gjev oss gjerne tilbakemelding på boka 🌛🌝🌜 Dersom du vil skrive ei bokanmelding, eller tilråde boka til nokon, sender vi deg gjerne litt bonusmaleriale 🌛🌝🌜