Julestress og eit betre år

SONY DSC

Du planlegg kanskje jula, nyttårsfeiringa, kva som må gjerast på jobb før ferien. Du planlegg kanskje gåver og lister, og freistar å skvise ein ekstra time eller to inn i døgeret. Ikkje rart folk er stressa på denne tida av året.

Det er ikkje meininga at livet skal berre suse avgarde som ei diger bølge under oss, og vi klamrar oss fast til surfebrettet for harde livet. Når vi har det slik, er ting ute av balanse. Så kortid planlegg du deg sjølv? Kortid tek du grep for å få ein betre og varig balanse i livet ditt? Kortid planlegg du korleis du vil ha det?
I dag, med dei travle liva våre, er det kanskje lettare å verte rivne med i farta. Rivne med på ting vi ikkje ville valgt sjølve, eller vikla inn i vanar som ikkje tener oss noko særleg. Det krev fokus å vikle seg ut att, og å finne attende til dei verdiane ein har sjølv.

Her er nokre gode reidskaper til å finne ein god og varig balanse, og planlegge eit betre og meir harmonisk 2017.

 

1 Kom på yoga. Kvar veke, helst fleire gonger i veka. Gjennom yoga får du bearbeida tankar, kjensler og reaksjonsmønstre. Du får mestringskjensle, redusert stress. styrka musklar, gode opplevingar og ro i hjartet. Meld deg på her.

2 Mediter med månen. Det kan vere vanskeleg å finne tid til å skape ein jamnleg meditasjonsrutine, men to gonger i månaden er overkommeleg for dei aller, aller fleste. Det gjev deg også mestringskjensle, betre oversikt og ei fin ramme for dei prosessane du er i. Kjøp boka her.

3 Noter ned korleis du vil ha det. Skriv i notid, til dømes: “eg har overskot og ro i livet mitt,” eller “eg er frisk og sterk,” “eg har gode, støttande vener” og så bortetter. Ta nokre veker no framover til å formulere korleis du vil livet ditt skal vere. Dette er heilt naudsynt: hvis du ikkje veit korleis du vil ha det, så kan du ikkje ta aktive og positive valg på vegen. Hugs at du er verdifull. Dersom du vil ha støtte i denne prosessen, kan du bestille ei coachingtime kor vi går gjennom heile prosessen på eit vis som høver deg.

4 Kom på yoga. Ta styringa på det som er att av 2016, og legg eit godt og harmonisk grunnlag for eit strålande 2017. Kom på yoga ❤️