Her er ei visuell framstilling av året. Denne forståinga av tid legg grunlaget for yogaprogrammet, for Moon Journal publikasjonane våre.

Den ytterste sirkelen syner ny- og fullmånene i året.

Den innerste sirkelen syner lysfestene, som følgjer solkalenderen. Det er desse som er så viktige for oss her oppe i nord, med dei store endringane mellom lys og mørke kvart år. Vi har nytta dei neopaganske namna, som vanlegast no for tida. Yule og Litha er vinter- og sommersolkverv, Ostara og Mabon er vår- og hautjamndøger, og dei andre merkar tida halvvegs imellom. Denne kalenderen markerer såleis balansen mellom lys og mørke gjennom året.

Den midterste sirkelen syner yogaprogrammet – det vil seie, dei tema vi jobbar med i tida som leier opp til neste lysfest.

Kvar månad, i veka som leier opp mot fullmåne, gjer vi fullmånehelsing i yogatimene. Vi oppmodar også til å nytte Moon Journal- boka som hjelpemiddel, både til refleksjon, modning og sjølvutvikling. Månesyklusen har ulike sider – nymånen høver best for intensjonar, drauming og planlegging, og fullmånen høver best for gjennomføring, aksjon og avgjerder. Gjennom å lytte til kroppen, naturen og lyset ikring oss, og ikkje minst månen, kan vi nytte desse energiane best mogeleg, og «sigle i medvind».

 

Månesyklusen har også eit tett samband med menstruasjonssyklusen. Dette kan du lese meir on på Raudt Telt-sidene våre.

Januar/februar er tid for ei ny start. Vi går back to basics med grunnprinsippa i rørsler og pust. Vi kjenner på musklar og balanse, og tek fatt med oppbygging, planlegging og drøyming av det nye året. Dette programmet inneheld EBR1, jordhelsing, Garudasekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama/meditasjon og avslapping. Spelelista er her

 

Februar/mars er tida for å auke energinivået i både kropp og sinn. Dagane vert lengre, og mot slutten av mars kjem vårjamndøger og fører oss inn i sommarhalvåret. Programmet førebur kropp og sinn på lysare dagar og sommar. Dette programmet inneheld EBR2, solhelsing, Ryggsekvens eller Powersekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her

April og mai er tida for å fokusere den auka energien – kva vil du utrette denne våren og sommaren? Vi er inne i den mest aktive perioden av året, så vi tek oss tid til å fine roen og kjenne etter. Dette programmet inneheld EBR3, Compassion- sekvensen, Helsing til dei fire vindretningane, ulike asanas/rørsler, pranayama/meditasjon og avslapping. Spelelista er her

Mai/juni er tida for å nyte vårkjensla, som glir over til somarvarme. Vi nyt kjensla av dei styrka musklane, den stødigare balansen og den rolegare pusten. Vi gjer EBR4, Solhelsingar eller helsing til dei fire vindretningane, og Vitalitetssekvens eller ryggsekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her

Juli og august er ferietid, og tid for å kjenne at vi er godt planta på jorda. Det er høgsommar og alt modnast ikring oss. Vi tek oss tid til å kjenne at vi modnast inni også. Personleg vekst og utvikling er noko som skjer med alle, men gjennom yoga får vi gode reidskap til å styre denne utviklinga. Vi gjer EBR5, og Prithvi Namaskara (jordhelsinga), Grudasekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her

August/september er semesterstart, attende til jobb etter ferie , den første byrjinga på hausten. Jorda gjev rikeleg av frukt, bær, sopp og blomar. Modninga når nye høgder, vi ser tydelege resultat frå det vi sådde tidlegare på året. Samstundes går året mot haustjamndøger når alt står i perfekt balanse ein liten augneblikk, og vi kjenner på, eller finn ein ny, harmonious balance i livet. Vi gjer EBR2, Helsing til dei fire vindretningane, Natarajasanasekvens, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Spelelista er her.

I oktober og første del av november lagrar vi solvarme og energi til vinteren. Haustjamndøger er forbi, og vi går inn i mørketida. Dette er ei fin tid for refleksjonar og å trekkje seg innover i seg sjølv. Veret vert kaldare, kveldane kjem tidlegare, og verda ikring oss er i endring. Hausten er tida for indre vekst, for modning og refleksjon. Det er tida for å gje slepp på gamalt, for å legge frå oss ting som ikkje er nyttige meir. Kropp og sinn gjer seg klare for vintermodus, og det er ei god tid til å styrke immunforsvar og forebyggje stress. No skal kreftar samlast og lagrast til vinteren. Yogatemaet i oktober er Preparing for Winter, med EBR1, Suryia Namaskara (solhelsingar) eller Compassionsekvens, ryggsekvens og ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Her finn du spelelista

Den siste delen av året tek vi oss tid til å stå stille og kjenne etter. Her er vi inne i dei mørkaste dagane, før vintersolkverv og løfte om sommar kjem att. Programmet heiter Pausing to Reflect, og er ei intens sakte flyt. Vi gjer EBR4, Druhva Namaskara og tre-sekvensar, ulike asanas/rørsler, pranayama og avslapping. Dette er det perfekte yogaprogrammet til å leie deg gjennom julestria, og inn i det nye året. Her er spelelista.

Her er årshjulet for 2018, som publisert i Moon Journal 2018. Legg merke til dei to fullmånene attmed einannan øverst til høgre – dei er den første og siste fullmånen i 2018.